Varsellampene for framtida til norsk svineproduksjon slik me kjenner den i dag, blinkar blodraudt. Nye avsløringar om dårleg dyrevelferd gjer at omdømmet og tilliten til svineprodusentane heng i ein syltynn tråd.

Det fell seg likevel lett å uttrykke medkjensle med svinebøndene i desse dagane. Den uvissa dei opplever og den klumpen dei går med i magen er alt anna enn god. Difor kunne me brukt spalteplass og tid til å nyansere dyrevelferdsstatusen monaleg. Dei fleste driv innafor rammene for god dyrevelferd med god margin. Me kunne prioritert å sable ned dyrevernaktivistar som gjer lovbrot, og me kunne kritisert NRK sine vurderingar for å sy saman og bruke aktivistane sitt materiale.

Det har lite føre seg. Erkjenninga av svikt i dyrevelferda kjem først. Prioriteten nå blir å rydde opp, og ein gong for alle ruste alle av våre 2000 grisehus til ein dyrevelferdsstandard som tåler innsyn 24/7. Innsynet og tilsynet på vegne av oss alle er det ingen andre enn Mattilsynet som skal ha ansvar for. Mattilsynet erkjenner at dei ikkje har vore gode nok. Det same seier Nortura. Nå må alle involverte gå i seg sjølv og bli gode nok. Snarast.

Dei fleste svinebøndene har alt på stell i besetninga si. Kven dei som slit er, blir spekulasjonar. Blant bøndene som verkeleg treng hjelp for å løfta dyrevelferda i grisehusa sine, er kanskje dei som sit stillast i båten, gøymer seg vekk og av ulike grunnar er handlingslamma. Personleg økonomi og helseutfordringar kan også gå ut over dyrevelferda. Me finn truleg også dei mest ressurssterke personane i denne gruppa. Bønder med tillitsverv. Travle folk med arbeid utanom eller andre produksjonar i tillegg. Ei prioritert oppgåve må sjølvsagt vera å nå fram til alle dei gjeldande besetningane for å setja inn tiltak.

Presset mot næringa aukar. Me har tru på at bøndene saman med deira allierte denne gongen vil greia å rydda opp. Men me har lite tru på at løysinga plent finst i enda fleire dyrevelferdsprogram og digitale kurs. Samspelet mellom bonden og slakteriet kan vera nøkkelen til suksess. Eit tilbod om oppfølging frå slakteriet der ein rådgivar i samarbeid med bonden kontinuerleg og systematisk følgjer opp dyrevelferden i besetninga over lang tid, kan vera ein farbar veg. For å få det til, må slakteria ha på plass dei ressursane som trengst. Det er ikkje sikkert dei har den kapasiteten i dag.

Behovet for svineprodusentane til å kome i hop og stå saman i denne krisa, er openbar. Samhaldet mellom svinebønder og bønder med andre produksjonar må også dyrkast denne krevjande sommaren. Dei fleste av våre lesarar kjenner ein svineprodusent eller fem. Ta ein telefon, stikk innom eller send ei melding. Vis at du bryr deg. Det kan utgjera den store skilnaden. For dei med alt på stell. Men òg for dei som straks må endra praksis og få skikk på dyrevelferden i grisehuset sitt.

For å få grønt lys. For vidare drift.

Sjur Håland

Share This