Avfallshandteringsselskapet Westco Miljø på Jæren fortvilar. Alt for mykje av landbruksplasten dei mottar er full av silorestar, småstein og søppel. Rundballenetta som eigentleg skal leverast separat, er ofte vikla inn i anna plast.

Westco-tilsette som Bondevennen har intervjua denne veka, seier dei brukar svært mykje tid på sortering og reinsking. Denne jobben skulle bonden ha gjort før levering. Trass eigen innsats opplever Westco å få heile lastebilar med returplast i retur frå dei som skulle ha prosessert den vidare. Kvaliteten held rett og slett ikkje mål. Så hopar plasten seg opp og byr på ennå meir hovudbry for avfallshandteringsselskapet.

Slepphendt plasthandtering fører altså til meiningslaus sløsing med tid og krefter langsetter i «resirkelen». I verste fall blir plasten brent som restavfall, altså søppel – og sirkelen blir broten. Brukte råvarer som kunne fått nytt liv, må heller utvinnast og foredlast heilt på nytt.

Det er synd på alle vis, og neppe motiverande for dei mange som organiserer innsamling av landbruksplast før den når anlegg slike som Westco sine. Det tar seg også dårleg ut for ei næring som stadig er i søkjelyset for avtrykket på miljø og klima.

Heldigvis er det lett å gjera noko med. Ja, av alt påtrykk om grønare drift som nå kjem bondens veg, er det å reinska plasten betre før retur kanskje det enklaste å svara ut. Viljen til å resirkulera er jo opplagt der. Av dei snautt 14000 tonna med landbruksplast som medlemsbedriftene i returføretaket Grønt Punkt Norge omset årleg, blir nesten 80 prosent gjenvunne. Westco ber berre om at den blir levert litt reinare.

Bønder legg ned enorm innsats i å produsera gode råvarer frå garden – kjøt, mjølk og grønsaker. I ein fungerande sirkulærøkonomi er også brukt landbruksplast for ei råvare å rekna, om også den held kvalitet, vel og merka. I motsett fall er det berre søppel. Og søppel har verda meir enn nok av.  

Bothild Å. Nordsletten