29 meieri. Frå 110 anlegg i 1992 står me att med berre 29 når Tine neste år legg ned også på Voss. Sjølvsagt vekkjer vedtaket som vart fatta i juni reaksjonar blant tilsette og lokale bønder. Heretter må dei sjå mjølka si bli køyrt vekk til Byrkjelo, kanskje heilt til Jæren.

Vossabøndene stiller spørsmål ved Tines talgrunnlag for avgjerda. Dei kjenner aukande avstand til leiinga i Oslo. Dei fryktar for samvirket sitt omdøme. Og, kanskje det mest illevarslande av alt, engasjementet i miljøet kan få seg ein knekk. Oppsummeringa til mjølkeprodusent Lars Selheim på neste side, bør lesast som ei åtvaring til deg som har samvirket kjært:

– Resignasjon er nok rette ordet. (…) Det blir rett og slett færre som gidd å reisa på medlemsmøte. Me produsentar blir meir desillusjonerte, seier han.

Parallelt med nedskjeringane heime, blinkar tala raudt i det Tine si Jarlsbergsatsing i Irland omsider er oppe å gå, (sjå reportasje s. 11-17). Flytting av ystinga til Cork inneber at mjølkeproduksjonen i Noreg måtte kuttast med 100 millionar liter mjølk i året. Grunna høge irske mjølkeprisar er det no uvisst om investeringane på nesten éin milliard kroner vil løna seg.

Det er ikkje vanskeleg å forstå Tinebønder som fortvilar over nedleggingar i Noreg og samtidig satsing i utlandet. For er ikkje sjølvbergingsgraden vår låg nok? Kor få mjølkebønder er få nok? Verda er uroleg – burde me ikkje heller styrka eigen produksjon og korta verdilinjene? Og kor berekraftig er det eigentleg for eit samvirke som skryter av nettopp berekraft og klimakutt, når avstanden mellom meieria aukar, og brunosten skal flygast til Sør-Korea?

På den andre sida – det er heller ikkje vanskeleg å sjå korleis Tine står til livet i utfordringar: Hard konkurranse, aukande import, høgare kostnadar på alle frontar og folket i fri flyt til billegare beite i Sverige. Skal samvirket sikra lønsemd for bonden, trengst sjølvsagt tiltak. Og strukturrasjonalisering og kostnadskutt er ein hard kur som kostar før det eventuelt smakar. Men er lokale nedleggingar og globale eventyr einaste vegen fram?

– Tenk stort, oppmodar den irske mjølkebonden Tom Dunne sine norske yrkesfellar i vekas Bondevennen. Han har 400 kyr og leverer mjølka til Jarlsbergproduksjonen i Cork. Bodskapen harmonerer med gjengs veksttankegang. Men kanskje er tida inne til å tenka smått, iallfall mindre?

Det er alt for tidleg å konkludera om satsinga i Irland. Men stoda er i grunnen paradoksal. I Noreg er me stolte av desentralisering, kulturlandskap og distriktsliv. Tine sel på reine råvarer frå familiegardar med bønder som smilar til oss med fornamnet på kartongen. Om det er dette – det hyperlokale, småskala, utmarksbeita, friske og dønn ekte som gjer Tine så unike – kvifor ikkje heller velja utviklingsstrategiar som styrkar særpreget? Er dei økonomiske lovane verkeleg så rigide at all kreativitet konsekvent må vika for kald større-og-færre-rasjonalitet?

Det er lett å avfeia slike tankar som himmelropande naive. Poenget er at dersom du som Tine-eigar vil noko anna, om du har større forventingar til samvirket utover auka lønsemd, om du meiner samfunnsoppdraget må tillata bevaring av lokalmeieriet sjølv når rekneskapen seier ‘steng’, ja, så er det, eit stykke på veg, opp til deg sjølv.

Det er ikkje rart om du som bonde på Voss, Vikeså eller Øystese kjenner engasjementet minke når det ikkje lengre ryk frå pipene. Kva er liksom vitsen med å «bruke stemmen din» når hundretals nedleggingar tilseier at røysta di ikkje tel?
Resignasjon kan likevel ikkje vera svaret. Det gode som består og det som kan bli betre, er verdt å kjempa for. Utan engasjement, trass alt, raknar samvirket.

Bothild Å. Nordsletten