For ein uinnvigd var det ei flott oppleving å delta på 100 års markeringa for Jæren Smalalag. Historieforteljar, Magnar Undheim, gav oss historia om pionerane, dei som i 1914 såg mulegheitene og tok utfordringane. Målet var å utnytta heiabeita i Sirdal og andre høgheiar. Ei lang og strevsam historie er blitt suksesshistoria om Norges største smalalag med 17 heiasjefar og organisert beitebruk for om lag 40.000 sau. I vår tid er dei imponerande smaladriftene, som kvar haust samlast i Sirdal, blitt ein turistattraksjon og eit synleg bevis på suksessen.
Dette er ei av mange historier som handlar om å gjera modige val for framsteg og utvikling. For det var med eit ekstremt mot og ein utruleg innsats at norske bønder tok dei små stega framover i tidlegare generasjonar. Det meste var bygd på lokale ressursar, utan straum, kraftfôrbilar, kunstgjødsel, traktor og diesel. Undheim gav oss ei sterk historie om framtidstru. På grensa mot galskap, ville nok dei som stod på sidelina i 1914 meine. Og då som nå, var det rikeleg med usemje og motkrefter. Forteljinga er frå vår nære fortid. Vi bør halda historia levande, i respekt og undring.
Kven er det som formar framtida i vår tid? I stor grad dei same typane, dei med mot og framtidsoptimisme. Historia gjentek seg. Forskjellen er at endringsstega blir mykje større på grunn av den teknologiske- og økonomiske utviklinga. Fri tilgang på innkjøpte innsatsfaktorar, inklusive arbeidskraft, har ført til ei utvikling som ofte er uavhengig av ressursgrunnlaget på garden. Norge er eit land i verda.
Når Stavanger Aftenblad, med utgangspunkt i tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB), melder at seks gardsbruk har blitt lagt ned kvar einaste dag sidan 1970, fortel det alt om ei utruleg utvikling, eller avvikling, om du vil. I nemnde periode har likevel både jordbruksarealet og matproduksjonen auka, men sjølvbergingsgraden har gått ned. Landbruket har levert på effektivitet og rasjonalisering. Og dette har skjedd i ein periode med ein landbrukspolitikk som har hatt både struktur- og distriktspolitiske verkemiddel innabords.
Er vi i ferd med å nå ei grense, eller vil strukturutviklinga bare halda fram? Inge Martin Karlsvik, bondelagsleiar i Møre og Romsdal, set spørsmålet på dagsorden i denne utgåva av Bondevennen. Problemstillinga er samansett og handlar om økonomi, teknologisk utvikling, politikk, sjølvberging, busetnad, forbrukartrendar, trygg mat og mykje meir.
Det er farleg om framtidsbileta åleine blir teikna av ein politisk og økonomisk elite. Den enkelte må delta, tenke sjølv og skilje mellom fakta og falsk propaganda. Gjeldande politikk synest klar. Styresmaktene ynskjer å akselerere farten i strukturrasjonaliseringa.
Framtida kan opplevast som trugande og kjem om vi har tru på ho eller ikkje. Kven blir igjen i landbruksnæringa? Vil vi oppleva at pendelen slår tilbake, med nye trendar og verdiar? Uansett, historia fortel oss at optimistane vil overleve, slik vi høyrde om pionerane på 100 årsmarkeringa av Jæren Smalalag.
Eirik Stople