Det er på tide at Noreg får ei lov om god handelsskikk. Difor er det gledeleg at regjeringa endeleg har sendt eit lovutkast om dette på høyring. Går alt etter planen blir forslaget lagt fram for Stortinget i haust, for at lova kan tre i kraft på nyåret.

Alt for lenge har tre mektige daglegvarekjedar fått styra verdikjeda for mat utan at omverda har kunna gå dei tilstrekkeleg etter i saumane. Forhandlingar mellom Norgesgruppen, Coop og Rema på den eine sida, og leverandørane deira på den andre, har vore lukka, prosedyrane uføreseielege, ja, dels også prega av frykt.

Slik kan det sjølvsagt ikkje halda fram. Få og mektige aktørar hindrar konkurranse og nyetablering. Ein forretningskultur der manglande eller stadig skiftande avtalar, forvirring og utilbørleg press førekjem, hemmar satsingsvilje og kreativitet hjå produsentar og leverandørar. Det pregar etter kvart også matkulturen vår – kva me som forbrukarar venjer oss til å forventa av mangfald, eller mangel på mangfald.

Den nye lova vil vonleg utgjera eit første steg på vegen for å rydda opp i daglegvaremarknaden, med konsekvensar også for den vidare verdikjeda for mat. Det vil koma forbrukaren til gode i form av betre utval. Men når næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) samstundes håpar at lova vil bidra til lågare prisar, skurrar det.
For maten i Noreg er ikkje dyr. I 2017 brukte kvar husstand berre 11 prosent av inntektene sine på mat, ned frå 20 prosent i 1980. Samstundes får me meir mat, målt i volum, for pengane. Og me kastar meir av den, kvar åttande handlepose, eller 43 kg per person kvart år.

Målet kan difor ikkje vera at maten skal vera billegast mogleg. Målet må vera at han blir prisa rett – heile vegen frå økosystemet han kjem frå til forbrukar. Prislappen på varen, anten det er biff eller selleri, må reflektera bondens arbeid, korleis varen er produsert og bearbeida, og om han er norsk eller frakta frå andre sida av kloden. For å minska klimautsleppa frå tallerken, bør matvarene snarast også merkast med, og prisast etter, karbonavtrykket. Dette ville stimulera til meir mangfald av norske varer, og også til auka sjølvbergingsgrad. Kortreist mat har gjerne mindre utslepp enn langreist.

Utkastet til lov om god handelsskikk seier ikkje noko om økologi, bondens innsats eller sjølvberging. Men om me ynskjer ei verkeleg rettferdig verdikjede frå jord til bord, må også dette reknast med på kassalappen.

Bothild Å. Nordsletten

PS: Bondevennen om jordbruksoppgjeret.
Lang trykke- og distribusjonstid gjer at Bondevennen først kan kommentera på årets jordbruksoppgjer når forhandlingsresultatet føreligg/ev. forhandlingane går på overtid.