– Vi går mot det tøffeste jordbruksoppgjøret noensinne.

Landbruks- og matminister Sandra Borch til NPK/NTB dagen før bøndene la fram sitt krav.

Tal. Det er dei det handlar mest om no. Etter at bøndene førre veke la fram sitt historiske krav på 11,5 milliardar kroner i jordbruksoppgjeret, er finrekninga i dei ulike produksjonane for lengst i gang. Nokre vart skuffa. Mange augnar håp. Og uansett korleis statens tilbod landar, vil kalkulatorane gå varme ei stund til. For, som bonde og bondeopprørar Sven Martin Håland sa til NRK då kravet kom:

– No skal me ha pengane. Det er berre det me er nøgde med.

– Ferdig pruta, fylgde ein annan opprørar, Hans Jørgen Boye, opp om kravet i Klassekampen.

Pengar inn, ikkje berre ut, er det som gjeld når urovekkjande mange bønder i vår vurderer om dei skal halda fram som matprodusentar eller ei.

Men også ord tyder noko. Dei betalar ikkje rekningane, men dei bidreg, på godt og vondt, til å skapa oppfatningar av bønder og jordbruk, som i sin tur påverkar haldningar, forbrukaråtferd, betalingsvilje, politikk – og til sjuande og sist også statlege, økonomiske løyvingar. Ord, lik verdsetting i kroner og øre, byggjer status. Eller svekker den.

Bondeopprøret sine avslørande spørsmål og sjølvsikre ytringar peikar fram mot kva som faktisk er mogleg å få til. Dei opnar auga til folk og set motet i dei, langt utanfor bøndene sine rekker.
Statsråd Borchs åtvaring, på den andre sida, bidreg til å sementera oppfatninga av jordbruket som ein sektor for spesielt interesserte. Media følgjer opp. Dels også bondeorganisasjonane sjølve. Vendingar som utfordrande, alvorleg, og krevjande går att inntil oppgjeret til slutt står fram som ein årleg tvangsprega og lagnadsstyrt klisjé.
Det etterlatne inntrykket er at jordbruket ikkje er for vanlege folk. At bondeøkonomi er bøndene si sak.

Lite kunne vore lengre frå sanninga. Faktum er at botnlinja til bonden vedkjem kvar einaste ein av oss, kvar dag, heile livet. Det handlar om felles matberedskap, sjølvbergingsgrad, distrikt, verdiskaping og kulturlandskap. I ei verd der klimakrise, krig, pandemi og handelshindringar utfordrar matproduksjonen, kva er vel enklare enn å satsa på dei 37 000 bøndene som er att? Dei nylege milliardpåplussingane til forsvaret vart møtt med tverrpolitisk aksept. Kvifor tilsvarande for matprodusentane – det verkelege førstelinjeforsvaret vårt – skal vera så «tøft», er ikkje godt å forstå.

Ingen kan underslå alvoret i vår. Drifta og livsverka til einskilde bønder står på spel. Senterpartiet heng i ein tråd, om dei ikkje kjem kjerneveljarane sine i møte. Ja, heile regjeringa kan falle om den ikkje leverer til gagns på oppgjeret, hevdar somme. Jau, visst er det er nok å forhandla om.

Men i røynda handlar det berre om å setja rette ord og rette tal på noko alle er avhengige av, uansett partifarge. Oppsidene ved å gi bøndene det dei krev er soleklårt større enn utgiftene. Oppgjeret treng ikkje bli «det tøffeste noensinne.» Det må bli det beste nokon sinne. Og det burde kunne vera over på nokre timar.

Bothild Å. Nordsletten