– Me har trivest. Å heile tida byggja, dyrka og gjera kvardagane enklare har vore drivande.

Med utsikt over halve Hå og havet er Otto Topdal, sitert i denne vekas gardsreportasje, for ekte jærbu å rekna. Men bønder over heile landet kan nok kjenna seg att i det han seier. Å byggja og dyrka gir meining og glede på høgt plan, uansett kor. No har Topdal gitt garden vidare til dottera. Med i overdraginga følgjer foreldra si glede og driv.

Ikkje alle kjenner denne gleda om dagen. Når bunken med stadig stivare rekningar veks, kan det vera vanskeleg å koma på kva ein eigentleg strevar for. Generasjonsportrettet frå Hå er ein påminnar om kva me arbeider og kjempar for når me fôrar, mjølkar, nattevakar og håpar på ein betre jordbrukspolitikk: Tryggleik for drifta, framtidstru og verdsetting av samfunnsoppdraget ein utfører. Å kunne gle seg over å vera bonde!

Dei unge på Topdal kjenner sjølvsagt også på alvoret i tida. Stig kostnadane utan at inntekta følgjer med, går det ikkje i hop, konkluderer dei. Samstundes har dei trua på at gode tillitsvalde i bondeorganisasjonane syter for interessene deira.

Den trua må me få ha. Og tilliten me har gitt representantane i faglaga får då òg verkeleg køyrt seg om dagen. Ikkje berre må dei overtyda styresmaktene om alvoret næringa står i. Dei får også kritikk frå medlemmar som meiner dei leverer for lite og for seint.

Det er framtida til norsk landbruk som står på spel. Særleg topp-tillitsvalde må tola å stå i stormen. Noko av skytset mot dei er også på sin plass. Bøndene hadde kanskje ikkje stått like sårbare innfor dagens kostnadsauke, om leiarskapen, særleg i Bondelaget, hadde erkjent og kjempa mot krisa lenge før Bondeopprøret i fjor gav oss dei reelle og kalde tala.

Samstundes er det viktig å hugsa at også tillitsvalde er vanlege menneske med behov for respons, innspel, korreksjon og oppmuntring. Har du gitt dine det i tilstrekkeleg grad? Tillitsvalde på fylkesnivå og lågare har ikkje same apparatet rundt seg som dei på toppen har. Dei er avhengige av at engasjerte medlemmar spelar dei gode.

Veit fylkesleiaren i Norsvin kor skoen din trykker? Har du testa den gode argumentrekka di på Sau og Geit-leiarane i Vestland? Kva vil du at Marit Epletveit skal helsa og seie frå Rogaland Bondelag inn til jordbruksforhandlingane?

Kanskje har det aldri vore viktigare å engasjera seg enn nett i år. Faglaga sine studieringar før oppgjeret er i gang. Bli med. Ta ansvar og bidra til ein betre politikk. Har du ikkje høve til å møta, så skriv di meining til produsentlaget sitt. Send ei melding til lokallagsleiaren. Ring Marit.

Bothild Å. Nordsletten