I årevis og i uro har bøndene venta på ny gjødselvareforskrift. Fleire gonger skal det ha vore like før lansering. Men nå kjem den, om me skal tru landbruks- og matministeren. Og det bør me jo kunna.

Under eit seminar i regi av Rogaland Landbrukspark i førre veke, og framfor eit publikum av sentrale landbruksaktørar, annonserte Geir Pollestad følgjande: Forskrifta skal på høyring innan få månader. Og, la han til: Det er ikkje sikkert bøndene blir så glade.

Nei, kanskje ikkje. Forandring frydar ikkje alltid. Særleg ikkje om du har følgt politiske føringar for større avlingar og fleire dyr, for så å risikera beskjeden om at spreiearealet ditt er alt for lite.

Om så skjer, vil visa seg. Men at det blir endringar og innskjerpingar er rimeleg sikkert. Kvifor skulle ein elles trenga ei ny forskrift.

Rogaland, og særleg husdyrtette Jæren, er i så måte særleg utsett. Gitt dei strengaste krava til fosfor per dekar som har versert i saka gjennom åra, vil fylket kunne mangla ein kvart million mål i spreieareal. Det i tur vil kunne føra til reduksjon i husdyrtalet, i matproduksjonen – og ein kraftig økonomisk smell for bøndene.

Heldigvis er Rogaland også budd på føreskrifta. Eit år har gått sidan eit samla landbruk under leiing av Harald Volden frå NMBU, presenterte eit oppdatert og solid kunnskapsgrunnlag om fosforbalansen i jord og på gardsnivå. Eit sentralt poeng i rapporten er at det med dagens grense for tilført fosfor på 3,5 kg per dekar, er balanse mellom tilført fosfor, og det dei gode grasavlingane i fylket tek opp.

Om utkastet til ny forskrift skulle krevja monaleg mindre fosfor per dekar og monaleg større spreieareal enn dagens fire dekar, då har altså rogalandsbøndene kunnskap og fakta å slå tilbake med.

Noko forandring må ein nok likevel akseptera. Dyrkajorda i delar av fylket har framleis eit høgt fosforinnhald. Som botemiddel tilrår Volden-rapporten til dømes mindre fosfor i kraftfôret og satsing på ennå betre grovfôr. Det krev sjølvsagt innsats. Om ikkje endringsgleda akkurat boblar, er det nok mogleg å mønstra motivasjon, berre forandringane framstår som naudsynte og insentiva står i stil til innsatsen.

Me tek for gitt at den nye gjødselvareforskrifta blir faktabasert og tilpassa lokale dyrkingsforhold. Me tar likeins for gitt at faktabaserte bønder seier ifrå om så ikkje er tilfelle.

Bothild Å. Nordsletten