2,8 prosent. Det er kva primærnæringane og den landbruksbaserte industrien står for av den totale verdiskapinga i matfylket Rogaland. Etter prosenttalet å døma hamnar næringa ennå fullstendig i skuggen av olje og gass, bygg og anlegg og så vidare. Men målt i kroner og øre blir det likevel ein høg sum.

6,3 milliardar kroner for å vera så eksakt. Det er verdiskapinga som jordbruk, skogbruk, tilleggsnæringar og industrien stod for i 2017. Det utgjer ein marginal oppgang på 0,3 prosentpoeng sidan 2014. Rogaland er dermed det fylket der landbruket har høgast verdiskaping og sysselset flest. Nesten ti tusen menneske har sitt virke direkte i og rundt næringa. Tala kjem fram i ein ny rapport frå NIBIO, tinga av Rogaland Bondelag.

Og her er mange tal å glede seg over. Rapporten viser at mjølkeproduksjonen framleis er svært viktig. Dagros står for heile 45 prosent av den totale verdiskapinga, éin prosent opp frå 2014. Svinehaldet følgjer på med 12 prosent. Veksthusnæringa veks, og med 11 prosent av verdiskapinga er det den tredje største næringa i fylket. Egg og fjørfe står for ni prosent, opp to frå 2014.

Mang ein jærbonde vil også kjenne seg stolt over at 67 prosent av fylkets verdiskaping frå landbruk og landbruksbasert industri, skjer nett på Jæren.

Det same talet gir nok bønder i Ryfylke eller på Haugalandet grunn til framleis å stilla spørsmål om balansen i fylket. Andre funn i rapporten bør også bli tema for debatt. Det tradisjonsrike sauehaldet står no berre for ni prosent av den totale verdiskapinga, ned frå 15 prosent i 2014. Ned går også talet på landbrukseigedomar, liksom talet folk som bur på gard. Og då 4176 jordbruksføretak søkte om produksjonstilskot i 2017, var det sju prosent færre enn i 2010. Er det denne utviklinga me ønskjer?

Samstundes – rogalandsbonden blir stadig meir effektiv. Verdiskapinga berre for jordbruket var på tre milliardar kroner i 2017, opp 2,4 prosent sidan 2014. I same tidsrom gjekk sysselsettinga i næringa ned med 109 årsverk, til 6310 årsverk. Med andre ord: stadig færre bønder skapar stadig fleire verdiar. Kor få og effektive kan me bli?

NIBIO-rapporten stadfestar landbruket si solide stilling i Rogaland. Tala slår samstundes fast at kjende utviklingstrekk held fram, og at delar av næringa difor er sårbare. Politiske ramevilkår, import, nye kosthaldstrendar og marknadsaktørane si evige rasjonalisering, utfordrar stadig næringa.

Den sterke posisjonen til rogalandslandbruket kan med andre ord ikkje takast for gitt. Her trengst stadig kampvilje, nytenking og meir mangfald. Med tida kan det kanskje dyrkast meir grønsaker og mindre gras på dei fruktbare jærslettene. Kjøtetande forbrukarar vil kanskje krevje fleire dyr på utmarksbeite, og meir enn tomat og agurk frå veksthusa. Uansett – Rogaland kan levera. Matfylket sitt potensial til å hevde seg ennå sterkare, er framleis stort.

Bothild Å. Nordsletten