Det kan verke som om nye gardsmeieri med sal og foredling av eiga mjølk poppar opp nesten fortare enn me klarar å skilja nykomarane frå kvarandre. Er me på veg attende til 1920-talet, då bonde stod mot bonde i marknadskampen? Bør meierisamvirket stålsette seg mot meir konkurranse?

Nei, på ingen måte. Eigenforedling som ny-gamalt fenomen, kan verka stort etter entusiastiske medieoppslag å døma. I røynda snakkar me om eit heller marginalt omfang.

I fjor stod gardsmeieria for 0,24 prosent av det totale mjølkevolumet frå ku. Talet for geitemjølka var litt høgare, på 5,7 prosent. Av landets dryge 7000 mjølkebruk er det no 120 gardsmeieri som involverer 131 produsentar.

Men det veks. Det siste året har fleire kome til. I Bondevennen denne veka kan du lesa om 13 mjølkeprodusentar i Øystese som har gått saman om opprettinga av Hardanger Bygdeysteri, etter at Tine lukka dørene i 2019. Og fleire vil det truleg bli. Marknaden er langt frå metta.

Dette er det grunn til å gle seg over. Det veks fram eit spanande mangfald av mjølk, og kjøt og andre varer, på ein marknad der forbrukaren møter bonden andlet til andlet.

I ei verd der byfolk flest kan lite om primærnæringane, fungerer desse bøndene som direkte formidlarar av kunnskap om agronomi, økologi, husdyrhald og kjærleik til sjølvberga mat. Det kjem heile næringa til gode.

Heller enn å uroa seg for samvirke si eksistens, er det positivt at Tine er såpass tydelege i si støtte til nytenkjarane, som dei er. At Tine tapar marknadsdelar, kan ikkje gardsforedlarane klandrast for. Tvert om ser samvirket på lokalproduksjon som ein liten, men viktig alliert i kampen mot aukande import. Tine held fram den private foredlinga som eit positivt supplement og framsnakkar verdien av mangfaldet dei representerer. Gjennom samarbeid med Norsk Gardsost bidreg dei også med verdifull rådgjeving og distribusjon for produsentane.

Eigenforedling, marknadsføring og sal av eige produkt, gard og person er ikkje for alle. Meierigründerar på eige tun må akseptera ein stor risiko når dei kastar seg utpå. For dette fortener dei vår applaus.

Heilt utan tryggingsnett er dei likevel ikkje. Tvert om. Nyskaparane veit at dei står på akslene til volumprodusentane. Dei veit at Tine som marknadsregulator vil henta overskotsmjølk på garden, eller supplera med ekstra mjølk til gardsmeieriet, om det skulle vise seg naudsynt.

Denne symbiosen sikrar altså både det volumet samfunnet krev, samt inspirerande og naudsynt nyskaping. Innan samvirkemodellen er det, og må det, vera god plass til alle.

Bothild Å. Nordsletten