Kva er det med rogalandsbøndene? Spørsmålet går igjen i dei mange kommentarane på nettet etter at Mattilsynet sin rapport på slaktegris kom i førre veke.

Rapporten konkluderer med at velferda for slaktegrisen i fylket ikkje er god nok. Mattilsynet besøkte 40 prosent av slaktegrisbesetningane. Mangelfull oppfølging av sjuke og skadde dyr samt utilstrekkeleg rotemateriale førekjem for ofte blant dei. Tv-bilete av hjelpelause dyr understreker alvoret. Norsvin vedgår at næringa har eit stort forbetringspotensial. Årsmøtet i Norges Bondelag sist veke slo det klart fast: dårleg dyrevelferd er uakseptabelt.

Spørsmåla om rogalandsbøndene og andre kjensleladde ytringar i media stadfestar at stor omdømeskade alt er skjedd. Kommentarfeltet kokar, og saka blir flittig delt på Dyrevernsalliansen si facebook-side. Den blir følgt av over 72.000 – 30.000 fleire enn Norges Bondelag. Dei fleste debattantane er kvinner – dei som hovudsakleg avgjer kva som hamnar i handlevogna.

Også Bondevennen har fått ein del tilbakemeldingar om saka. Fleire går langt i retning av å klandra Mattilsynet, dyrevernarar, Nationen, ja, også Bondevennen for at svinenæringa er i hardt vêr. Visst har saka nyansar, men kritikken bommar på målet. Ansvaret for dårleg dyrevelferd kviler på den einskilde bonden, dels også på eit stilleteiande apparat av rådgjevarar, faglag, slaktebilsjåførar og veterinærar. Dei har oversett varsellampene og ikkje trekt lærdom av pelsdyrnæringa sine bitre erfaringar. Heile næringa betalar den unødvendig høge prisen for det. No vonar me at svinenæringa ryddar opp. For dyra si skuld, for dei mange røktarane som driv godt si skuld, og for å redde omdømet til landbruket i Rogaland.

Haldningsproblemet som bransjen sjølv innrømmer, går ikkje over av seg sjølv, berre bøndene og apparatet rundt får fred. Fred blir det uansett ikkje mykje av, med det første. Slaktegrisproduksjonen blir ikkje den siste under Mattilsynet eller storsamfunnet si lupe. Heile landbruket må bu seg på strengare krav til dyrevelferd og auka krav om innsyn. Openheit er den nye normalen. Det er utfordrande, men ikkje eit onde.

At omstillinga til denne nye røynda er full av menneskelege, juridiske og kommunikasjonsmessige dilemma, er opplagt. Ingen ser fram til umeldte tilsyn på privat grunn, uansett kor på stell alt er. Ei heller blir det lett å formidle dei tidvis rå realitetane ved husdyrhald til stadig meir sensitive byfolk. Her må næringa kome opp med ein solid strategi, jo før jo heller.

Ein viktig føresetnad for god og lovmessig husdyrproduksjon er eit velfungerande samarbeid mellom næringa og Mattilsynet. Utgangspunktet for dette er no oppsiktsvekkjande dårleg i Rogaland. Frykt og mangel på tillit pregar forholdet mellom bønder og tilsynet. Slik kan det ikkje fortsette, det slit folk ut. Talet på historier om uakseptabel oppførsel frå Mattilsynet sine inspektørar tilseier at dei interne kommunikasjonskursa deira ikkje fungerer. Skal Rogaland stå stolt og rakrygga gjennom utfordringane som ligg framom, må denne tillitskrisa løysast. Stoda i dag er ikkje matfylket verdig.

Bothild Å. Nordsletten