image description

 

Me kjenner ordet ryddetid frå mange settingar. Frå unge år då rommet skulle ryddast til vaksen alder med eit heilt hus og ein gard som skal ryddast. Det er ei god kjensle å ha orden rundt seg. Dersom ein ikkje klarer å rydde opp vert resultatet i verste fall at ein mister kontrollen. Å miste kontrollen på eit gardsbruk med levande dyr kan få store konsekvensar.
Nyleg beklaga ein minkbonde i beste sendetid på NRK at han hadde mista kontrollen over drifta si. I ein utbyggingsfase hadde dyra blitt ståande for tett, og mange av minkane var alvorleg skada. Resultatet var at Mattilsynet under eit tilsyn, gav pålegg om å avlive dei skadde dyra. Bonden er meld til politiet av både Mattilsynet og Pelsdyralslaget.
– Nå prøver eg å rydde opp så godt som mogleg, og eg er veldig lei meg for at eg ikkje hadde betre kontroll, sa Ingvar Kjell Bjorland, til NRK.
Bonden legg seg langflat midt i mediestormen. Det står det respekt av.

Det er mennekeleg å feile, heiter det. Så lenge vurderingar er gjort av menneske vil det oppstå feil. Sjølv om ting i utgangspunktet ikkje er vondt meint vil feila me gjer få ein konsekvens, ofte for fleire enn me trur.
Regjeringa skal vurdere om minknæringa skal ha livets rett her i landet. Tilfellet med avliving av svært mange skadde dyr er ikkje heldig for næringa sitt omdømme. Det er avgjerande at pelsdyrnæringa tek ein skikkeleg ryddesjau, om dei skal vinne truverd hjå mannen i gata. Skal folket tru at pelsdyra har god dyrevelferd er det heilt andre bilete som må fram i beste sendetid. Gladsakene tek ofte lengre tid å få fram.

Regelverk er viktig for å stimulere til den typen drift me vil ha. Politikarane har gjennom fleire år lagt føringar som stimulerer til større bruk. Nye driftsbygningar er godt tilrettelagt for god dyrevelferd.
Problemet er når drifta blir så stor at bonden mister kontrollen med enkeltindivid. Konsekvensane blir brått veldig store og brutale når bonden har mista kontrollen. Landbruk handlar om å hauste naturen, og om liv og død. Mange røyster i samfunnet er i utgangspunktet kritiske til at menneska skal fôre fram dyr, for å ete dei. Me trur det er avgjerande for landbruket sitt omdømme å drive etter gjeldande regelverk, og gjere sitt beste for at dyra skal ha det så godt som mogleg. Me trur også det er viktig at bøndene står samla i arbeidet for god dyrevelferd, men samstundes viser støtte og hjelper dei som går gjennom utfordrande epokar i livet. Alle kan gjere feil. Korleis feila blir handtert er avgjerande for framtida.

Jofrid Åsland