Auga speglar sjela heiter det, men også hendene avslører mykje om kven me er.

For lenge sidan, då dei færraste kunne lesa, og politiske og religiøse bodskap vart formidla direkte eller i biletform, vart meiningsberande personar ofte gjengitt med ei heva, open hand. Det synte at vedkomande, fyrste eller helgen, hadde noko å melda. Kva det var, kunne ofte lesast ut av symbolbruken rundt hovudpersonen.

Under det pågåande bondeopprøret har handa igjen blitt eit symbol. For sjølv i den umiddelbare massekommunikasjonens tidsalder opplever bøndene at orda om uendelege arbeidstimar og elendig lønsemd ikkje når fram. Bileta av eigne hender som bønder over heile landet no legg ut på Facebook-sida til #Bondeopprør21, talar derimot eit språk som ikkje er til å misforstå.

Og her er inga hue i handa. Her er dønn ærlege og barka arbeidsnevar. Nevar som skaper og har skapt kvar dag i 40, 20 eller to år, og som brenn etter å halda fram med det, om berre forholda blir lagt betre til rette. Her er hender som sår og haustar, held i hevd og ved like, og som satsar nytt. Fleire manglar éin eller fleire fingrar. Her er hender som tar imot nytt liv like kyndig som dei mekkar traktor. Og her er den eldste, krokete handa på garden, med tommelen i grepet til den aller yngste.

Knyttneven er det klassiske symbolet på opprør, men som dei opne bondenevane illustrerer, handlar det i røynda om mykje meir enn kamp for rett talgrunnlag for inntektsutmåling.

Hendene fortel oss, kvar på sin personlege måte, at det òg handlar om ei næring som ber tradisjon, kultur, samspel med naturen og forvaltaransvar i seg. Ei næring der hovud så vel som nettopp hender, formidlar både uttalt og såkalla taus kunnskap mellom og gjennom generasjonane, og det på ein måte som ingen app i verda kan erstatta. Ei næring, eit levesett og eit busettingsmønster, som avheng av vêr, jord, husdyr og teknologi, men som òg står og fell med menneskeskapte politiske luner og økonomiske svingingar.

No tynnest det ut blant desse hendene. Kanskje er det ikkje så mykje makt i dei som det ein gong var. Men meir enn tusen ord talar kvar neve som er att om kva som står på spel dersom ikkje årets jordbruksoppgjer og bondeopprør gir grunn til håp.

Bothild Å. Nordsletten