Ostenasjonen Noreg slår på stortromma når World Cheese Awards går av stabelen i Bergen i dag, fredag 2.november. 3500 ostar frå heile verda er påmelde. 230 internasjonale og norske dommarar skal smaka seg fram til dei beste. Mellom godsakene frå land som Kenya, Russland og Frankrike, deltek Noreg med heile 175 ostar frå 58 ulike produsentar.

Det er imponerande, med tanke på at berre ti norske ostar frå fem produsentar deltok i konkurransen då Kraftkar vann prisen for verdas beste ost i 2016. Med blåmugg’en frå Tingvollost hamna Noreg på det globale ostekartet – over natta. Sjølvtilliten til så vel etablerte som ferske ystarar vaks. Då 17 norske produsentar deltok med 40 ostar under Oste-VM i London i fjor, drog dei heim 17 medaljar.

Mange av årets norske ostar er laga på små, handtverksprega ysteri. Basert på den finaste ku- og geitemjølk er kvar variant eit resultat av kompromisslaus kjærleik i kvilelaus praksis. I den kulinariske verda går Noreg for å vera ein ung ostenasjon. VM-deltakarane frå til dømes Undredal stølsysteri i Sogn og Fjordane, eller Lega gardsysteri i Telemark, trekker likevel på århundrelange sætrings- og ystetradisjonar. Osteeventyret vårt er i tillegg resultat av ein landbrukspolitikk som har vektlagt distrikt og bruk av jord, samt samvirkeorganisering, som har sikra økonomi og henting av den mjølka ysteria sjølv ikkje nyttar.

Vonleg bidreg dagens meisterskap til at fleire forbrukarar får opp augo og betalingsviljen for den innsatsen og dei politiske grepa som ligg bak produkta i kjøledisken.

I det oste-VM går av stabelen er det éin månad sidan styresmaktene opna for nye 1200 tonn i tollfrikvote på ost frå EU. Totalkvoten på 8400 tonn svarar til mengda mjølk frå om lag 470 norske gjennomsnittsbruk. 470 bruk som burde produsert mjølk til meir norsk ost.

Me heiar på dei norske ostane i VM, og ser gjerne at dei gir importen knallhard konkurranse.

Bothild Å. Nordsletten