image description
 
Er det ein likskap mellom Englands «brexit» og kommunereforma i Norge, mellom tidlegare borgarmeister, Boris Johnson, i gigantiske London, og Sp-ordførar, Bjørn Laugaland, i vesle Hjelmeland? Dei går mot det politisk korrekte og tek val for framtida ut frå verdilada ord som demokrati og sjølvråderett.
 
Den politiske våren i Norge har vore vitaliserande for lokaldemokratiet. Kommunereforma sin legitimitet var forankra i kommunal frivilligheit. I mange kommunar blei makta flytta frå rådmenn og kommunestyre og ut til folket gjennom folkeavrøystingar. Resultatet er nedslåande for kommunal- og moderniseringsminister, Jan Tore Sanner. Argumentasjonen for reforma var: «Gode og likeverdige tenester, heilskapleg og samordna samfunnsutvikling, berekraftige og økonomisk robuste kommunar, styrke lokaldemokratiet og gi større kommunar fleire oppgåver». Grunngjevinga for kommunereforma vann berre i liten grad tillit i folket, om vi legg folkeavrøystingane til grunn. Slik det ser ut nå, vil 26 kommunar i Rogaland bli til 23. Liknande resultat ser vi i store delar av landet. «Det blir ingen nasjonal kommuneinndelingsreform gjennom frivillige prosessar i kommunane», sa kommuneekspert Geir Vinsand, i ein kommentar til Aftenposten nyleg. Var det ein tabbe å gi makta til folket?
 
Motstraums politikk, på tvers av tenkinga til den politiske-, økonomiske- og administrative eliten, blir normalt møtt med nedlatande uttrykk som at «dei veit diverre ikkje sitt eige beste». I samband med kommunereforma er det truleg rett, målt i økonomi og kompetansenivå innan spesialfunksjonar i små kommunar. Men for eit lokalsamfunn er det så mange andre forhold som er avgjerande for velferd og trivsel.
– Eit godt samfunn blir bygd nedanfrå, når folk får lov til å påverke eigne lokalsamfunn, seier fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa i sommarportrettet i Bondevennen denne veka.
Det kan sjå ut til at folk flest meiner at nok er nok når det det gjeld sentralisering og maktkonsentrasjon, både her heime og ute i den store verda. Folkeavrøystingane om kommunereforma og «brexit» i England har begge i seg element av ein protest mot ei retning som mange ikkje vil ha. Det er ei tilbakemelding som er farleg å neglisjera. Då kan demokratiet bli eit reiskap for gi makt til personar med haldningar vi ikkje ønskjer.
 
Den berømte sinuskurva blir ofte nytta som eit matematisk uttrykk for den dynamikken vi ser i naturen. Balansen mellom individa fører til at rytmen i naturlege populasjonar utviklar seg etter ein gitt rytme, med vekst, utflating og fall, om att og om att. Meir folkeleg kan vi seie, at «ingen tre veks inn i himmelen». Slik er det også med kurva for ein trend eller ei politisk retning, den må før eller seinare justerast.
 
I desse dagar sender kommunane vedtak om framtidig kommunestruktur over til fylkesmennene. «Fingrane av fatet fylkesmann og regjering», skriv stortingsrepresentant i Sp, Geir Pollestad, i eit lesarbrev til lokalavisene i Rogaland. Han har eit poeng. Premissen frå regjerings- og støttepartia er at samanslåingar skal vera frivillige. Fylkesmannen bør ha respekt for lokale vedtak, sjølv om dei strir mot målsettingane med reforma og kan synast lite rasjonelle. Kanskje står vi framfor ei ny retning i samfunnsutviklinga som eliten må retta seg etter for å bevare politisk legitimitet.
 
 
Eirik Stople