«Dette kan bli et fantastisk sted for kunstmuseet.»
Hanne Beate Ueland, avdelingsdirektør ved Stavanger kunstmuseum, Stavanger Aftenblad 26. september

«Det er ikke logisk å ha kornlagrene et helt annet sted i landet enn der kornet blir produsert og brukt.»
Sverre Landmark, på vegne av FK Agri, Stavanger Aftenblad 12. oktober

«Me er nok litt mette i Noreg.»
Trond Joa, bonde, Bondevennen 7. oktober

Kva er det med Rogaland? I sør, på Jæren, kappast dei om å få byggja ned matjorda. I nord, i fylkeshovudstaden Stavanger, vil kulturfolk på høge dosar urban tran fylla kornsiloane i sentrum med måleri og skulpturar. Og – sjølvsagt, om det ikkje blir kunst, står fylkets ivrige entreprenørar parat til å byggja ennå fleire hus.

Lite seier ‘stappmett’ så høgt som Rogalands uvørdne omgang med nasjonens matberedskap.

Stavanger Havnesilo er Nord-Europas største kornlager. Anlegget vart bygd i 1960- og 70-åra som beredskapslager for heile landet. Det kan romme 195.000 tonn matkorn – godt over seks månaders forbruk, ifølgje Landbruksdirektoratet. Etter at staten avvikla beredskapslagring av korn i 2003, kjøpte Felleskjøpet Agri anlegget i 2014. Ifølgje Nationen vurderte FK Agri det som «selve navet i kornlogistikken». Dei fekk Bondelagets «Bondevettprisen» for å ha berga siloane frå omregulering. Denne hausten tar siloane unna for svære avlingar på Austlandet, som elles hadde mangla lagringsplass.

Stavanger-anlegget, med si gode djupvasskai, er det einaste beredskapslageret me har att i Noreg. Greitt å ha, skulle du tru, i eit land med berre tre prosent matjord og der me dei siste ti åra har måtta importera halvparten av matkornet frå ei verd der klimaendringar, krig, avlingsnedgang og prisoppgang gjer det daglege brød mindre sjølvsagt.

Men kva er det med FK Agri? Vel gjer dei rett i å påpeika staten sitt ansvar for beredskapslagring. Like fullt høver det å setja spørsmålsteikn ved samvirket si dømekraft, når dei enn så lenge held fast på å selja siloane til eigedomsutviklarar.

Godt bondevett og klimaklok ressursbruk ville vera om FK Agri haldt på dei, og om regjeringa gjorde alvor av løftet om gjenetablering av beredskapslager med meir enn dei 20 millionane kroner som er sett av i statsbudsjettet. Ei oppgradering av Stavanger-anlegget kostar 100 millionar, i følgje eigaren. Store pengar, men lite i forhold til kva det vil kosta av pengar og tid å byggja heilt nytt.

Og, berre i fall austlendingane har gløymt det: I Rogaland, Agder og Vestland bur det halvanna million menneske. Nokre av dei produserer korn. Alle brukar det. Alternativet til å rusta opp Stavanger- anlegget er at me alle går vinter og vår i møte utan den minimumstryggleiken som betonggigantane på kaia bokstaveleg talt inneber.

Det me kallar sivilisasjon starta der menneska evna å dyrka korn og å lagra det. Det speglar byrjinga på slutten, der menneske ikkje lenger hugsar kor og kva det kom frå.

Bothild Å. Nordsletten