13.juni 2019 blir ståande som ein svart dag i landbruket si historie. Det var dagen då Stortinget vedtok å avvikla pelsdyrnæringa og samstundes kaste fleire hundre pelsbønder og familiane deira ut i uvissa.

Slaget verkar tapt. Frå 1. februar 2025 blir det ulovleg å driva med pels. Bønder og Pelsdyralslaget har kjempa ein heroisk kamp for livsverket og framtida si. Dei fortener fred etter alt dei har vore gjennom. Diverre er det lite fred å få. Kampen for retteferd og full erstatning må halda fram.

For til det siste var prosessen for å gjera slutt på over 100 år med oppalshistorie prega av maktspel, politisk hestehandel og mangel på respekt overfor bønder i ei lovleg og lønsam næring. Ein etter ein gjekk representantar frå regjeringspartia Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti på talarstolen og talte varmt om pelsdyrnæringa – for så gi den nådestøyten.

Dødskysset kalla Sps Marit Arnstad det heile, og sette truleg ord på den uhyggja som pelsbøndene på stortingsbalkongen kjente på. Prisen for å halda på regjeringsmakta, er det menneska på 170 pelsfarmar som betalar.

For å gjera vondt verre vedtok nasjonalforsamlinga så ei erstatningsordning som ikkje går langt nok i å kompensera dei som blir fråtatt levebrødet sitt. Bokført verdi skal leggjast til grunn for erstatningsutmålinga: Ikkje ekspropriasjonsrettslege prinsipp, slik pelsdyrnæringa, Sp og Ap krev. Vedtaket inneheld ei vag formulering om at ordninga ikkje skal gi «urimelege utslag» for den einskilde bonde, men let det hengja i lufta, korleis «urimeleg» skal tolkast.

Landbruksminister Olaug Bollestad meiner kompensasjonsordninga er god, men let seg pressa til å innrømma at dømesvis fem millionar i tap er å rekna som urimeleg. Det gjer von om eit betre sluttoppgjer. Noka forsikring er det på langt nær. Prosessen mot pelsdyrnæringa, som berre for to år sidan var lova ei framtid, har sådd mistru til staten blant bønder langt utanføre pelsdyrfarmane. – Ingen av oss ønskjer at dette skal føre til store og urimelige enkeltståande skjevheiter, sa Bollestad i Stortinget. Dei orda må ho minnast om i prosessen vidare.

No følgjer ein høyringsrunde om forskrifta som skal forsegla pelsdyrnæringa sin lagnad. Næringa på si side, førebur søksmål mot staten. Siste ord i saka er ikkje sagt. Nok ein gong må pelsdyrbøndene og familiane deira bita tennene saman. Bondevennen står saman med dei i kravet om ei full erstatning.

Saka reiser sjølvsagt også meir enn økonomiske spørsmål. Den menneskelege omkostninga her har vore, er og kjem til å vera stor. Kjenner du ein pelsdyrbonde, oppmodar me til å ta turen innom eller ringa – vis at du bryr deg.

Bothild Å. Nordsletten