Binda renta, eller lata den flyta? Signala frå fleire av dei største bankane tilseier at dette snart kan bli eit høgaktuelt dilemma for mange, inkludert for bønder med mykje gjeld.

Sidan mai i fjor har styringsrenta vore på rekordlåge 0 prosent. No, med utsikter til at den vaksne befolkninga kan vera vaksinert i løpet av sommaren, ser bankane teikn til at økonomien byrjar å ta seg opp att. Mykje er ennå usikkert, men med ei gradvis opning av samfunnet, er det venta at økonomien normaliserer seg.

I så fall meiner sentralbanksjef Øystein Olsen at det kan bli aktuelt å setja opp styringsrenta, truleg alt i september. Om det deretter blir renteoppgang éin eller to gonger i året, vil tida og farten i den økonomiske oppturen både heime og ute, vise.

Dei siste månadane har me lært mykje om den pressa økonomiske situasjonen som mange bønder lever i. For dei som alt har store lån, og for dei som står innfor naudsynte og store investeringar, er ein eventuell renteauke dårleg nytt. For somme kan det bli snakk om fleire hundre tusen i ekstra utgifter.

Legg til dei alt stigande utgiftene til kraftfôr, byggemateriale og ja, det meste, og det kan bli vanskeleg for nokon og ein kvar å få rekneskapen til å gå i pluss.

Bondevennen skriv om både renteoppgang og stigande byggekostnadar i vekas blad. Med utsikter til ytterlegare økonomiske utfordringar på horisonten, finn me grunn til å framheva oppmodinga frå Ragnhild Helgheim, bransjeansvarleg landbruk i Sparebanken Sogn og Fjordane: – Punkt éin er å ta kontakt med banken tidleg. Saman kan me snu alle steinane og sjå på kva som er mogleg å gjera (…) Å sitja stilt i båten og venta på at trøbbelet går over, er ingen god strategi.

Så kan me i tillegg håpa, men diverre ikkje ta for gitt, at våre folkevalde tek omsyn til denne vedvarande kostnadsauken, når årets jordbruksoppgjer snart skal handsamast i Stortinget.

Bothild Å. Nordsletten