– Alt går etter planen. Som sine sovjetiske forebilete har Vladimir Putin servert same logna sjolv lenge etter at det byrja a ga gale for russisk side i krigen mot Ukraina. Og sidan har det berre gatt verre. Bade pa slagmarka – og for Kremls strategi om a frysa ut Europa ved a kutta i gasseksporten.

For dette var neppe presidentens plan: Ein rekordvarm haust pa kontinentet. Det norske alpinlandslaget ma bita i seg at fire av fire moglege renn er avlyst. Europeiske straumkundar, pa si side, kan sukka litt lettare. Enn sa lenge.

Og medan Europa småsveittar, har 25 000 statsoverhovud og delegatar floge til COP27, FNs store klimatoppmote i Sharm El Sheikh i Egypt. Motet sluttar fredag denne veka, i skrivande stund utan utsikter til a vedta det som trengst for a avverje den klimakrisa som dundrar oss i mote. Sjolv ei femarig torke pa Afrikas horn, sjolv sommarens helvetesaktige flaum over ein tredel av Pakistan, har ikkje fatt verdas statar til a forplikta seg til tilstrekkelege klimakutt.

For trass i trugsmålet mot sivilisasjonen og gode intensjonar, blir det med snakket. Eller? Like for motestart i Egypt la statsminister Store fram Noregs ≪skjerpa ≫ planar om a kutta ikkje ≪berre≫ 50- 55 prosent klimagassar innan 2030, som tidlegare lova, men minst 55.

Men kven trur verkeleg at me far dette til? Kven vil forsaka forbruk og forventingar om framleis materiell velstandsvekst? Ikkje pa langt nar mange nok, slik det ser ut. Og iallfall ikkje sa det monnar innan fristen.

Og med det same: Jordbruket har som einaste sektor ein avtale med staten om a kutta tilsvarande fem millionar CO2- ekvivalentar, innan utgangen av 2030. Korleis ligg me eigentleg an? Gjer klimakalkulatoren susen? Er det nokon som verkeleg trur at me far dette til?

For å setja planane i perspektiv: Noregs klimautslepp var i fjor pa 48,9 millionar tonn CO2-ekvivalentar, ifolge Statistisk sentralbyra. Det er 2,4 millionar tonn lagare enn i 1990. Ein nedgang pa 4,7 prosent, altsa. Pa 32 ar.

Det er sju kjappe år att til 2030. Og ifolge FN er me pa strake vegen fram mot 2,8 graders temperaturauke innan dette hundrearet – og ei verd som ikkje blir til a kjenna att.

Så nei, alt gar ikkje etter planane. Heldigvis ikkje for Putin sin del. Men diverre for alle oss andre. Og det til tross for at me i minst 50 feite ar har hatt all kunnskapen tilgjengeleg for verkeleg a skjerpa oss.

Er du klar for a bretta opp ermane dei neste sju?

Bothild Å. Nordsletten