image description

I EIN VG-KOMMENTAR dveler stortingsrepresentant frå Venstre, Sveinung Rotevatn, omkring landbruk og landbrukspolitikk, der han mellom anna skriv:
-Å kalla landbrukssektoren for “kommunisme”er då også rimeleg fjollete. Men at norsk landbrukspolitikk er det næraste vi kjem planøkonomi i Noreg, er det objektivt sett lite å seie på. Vi snakkar trass alt om ein sektor som er dominert av tunge subsidiar, målprisstyring, kostnadsdrivande konsesjons-og kvotesystem, samvirke med tilnærma monopol og eit enormt og komplisert byråkrati. Ja, slik kan landbrukspolitikken sjå ut med unge Rotevatn sine Venstrebriller. Og her er det ikkje kven som helst som uttalar seg. Venstre sit i vippeposisjon i Stortinget, og utgjer heile forskjellen om FrP / Høgre får gjennomslag i Stortinget for regjeringa sin landbrukspolitikk eller ikkje.

VIKTIGE VERDIAR, det vi likar å kalla bærebjelkane for norsk landbruk, står i fare for å bli “sett i spel” over natta. Og Rotevatn tek det vidare når han skriv:
-Eg trur det er mogleg å gjera smarte grep som gjer det mogleg å drive lønsam matproduksjon der tilhøva ligg til rette for det. Det handlar om å bruke smarte støtteordningar i staden for målprisstyring og skyhøge tollmurar, der vi vrir landbruksstøtta meir over på arealstøtte og støtte til økologisk drift.

DET ER VANSKELEG å sjå eit logisk tankemønster i dei omgrepa som Rotevatn strør om seg med. Skal vi ha ein lønsam norsk matproduksjon, kan ikkje støtteordningane kome i staden for, men i tillegg til tollmurane. Tollmurane er sjølve fundamentet for ei muleg prisutvikling som samsvarar med norsk lønsnivå. Det blir lite å hente på pris, utan eit sterkt tollvern, noko som politikarane sjølvsagt er klar over, og som dei trugar med å utnytte for å skaffe folket enda billegare mat.

VENSTRE ER BLITT eit verdiliberalt parti, der alt som minner om regulering er ut. I økonomisk politikk kan det sjå ut til at Venstre ligg til høgre for Høgre. Men også Rotevatn og Venstre har sympati for landbruket.
– Trass i dette dystre bakteppet, har eg trua på norsk landbruk, uttalar Rotevatn til VG.

LANDBRUKET har fått rikeleg spalteplass og mediemerksemd etter valet. Heldigvis lever vi i eit samfunn med frie meiningsytringar, og landbruket må tåle kritiske skråblikk frå sidelina. Med dei politiske vindane som bles i dei “ideologiske tankesmiene” for tida, er det ei stor belastning å ha status som ei skjerma, gjennomregulert næring. Utan aksept og forståing for at matproduksjon i Norge ikkje overlever utan politisk skjerming og respekt for landbruket si rolle i distriktsutvikling og som landskapspleiar, blir dette vanskeleg.

DEN NYE POLITISKE situasjonen stressar landbruket. Stadige politiske utspel om avregulering og meir opne grenser for matimport, kombinert med lovnader om lønsam produksjon, let seg ikkje foreine. No forventar vi at tida for propaganda og ideologisk faneheising er over, og at Venstre, saman med KrF og regjeringspartia, startar arbeidet med å meisle ut ein landbrukspolitikk som syner samanhengane mellom tiltak i landbrukspolitikken og økonomien for landbruket og den enkelte bonde.

Eirik Stople