Bv22_leiar.jpg

For husdyrprodusentane er det svært skuffande at avtalepartane ikkje fullt ut kompenserte prisauke på korn med nedskrivingstilskott av fôrkorn, for å unngå prisauke på kraftfôr. I ein situasjon der dei kraftfôrbaserte produksjonane ligg langt unna forventa inntekt, er det ganske uforståeleg at avtalepartane, vel vitande om situasjonen, vel å auka utgiftssida til desse viktige volumproduksjonane.
I årets jordbruksforhandlingar var det eit viktig mål for landbruket å redusere inntekstsgapet mellom bønder og andre yrkesgrupper. Ein lukkast, på papiret, med denne målsettinga. I protokollen for jordbruksoppgjeret er partane samde om at avtalen, i snitt, har føresetnader for å gi 31 000 kroner i inntektsauke per årsverk i jordbruket, som er 12 000 kroner meir enn for andre grupper. Dette fekk bondelagsleiar Nils T. Bjørke til å uttala at ein viktig bar­riere er broten. Ser vi her starten på ein opptrappingsprosess for økonomisk likestilling mellom bønder og andre yrkesgrupper? Det er lov å håpe.
Jordbruksoppgjeret har ei økonomisk ramme på 1,27 milliardar kroner. 580 millionar er auka målpris, 500 millionar er auka tilskott (budsjettmidlar) og resten er effekt av jordbruksfrådraget og ledige midlar.
Budsjettmidla er eit verktøy for politikkutforming. Vi finn igjen dei landbrukspolitiske hovudprioriteringane med størst økonomisk vekst for korn, storfe og grønt. Produksjonane har rom i marknaden for auka vekst og er viktige for å auka norsk matproduksjon på norske ressursar.
Jordbruksavtalen gir ikkje løfter om å ta med investeringspakka, som primært er innretta for å fornya driftsapparatet i mjølkeproduksjonen og grovfôrbasert kjøttproduksjon, til statsbudsjettet. Tollsaka synte at det umulege er muleg, så her ligg det ei utfordring til medverknad i prosessen inn mot framlegging av statsbudsjettet.
Egg- og svineproduksjonane har vore gjennom store investeringar det siste 10-året, mellom anna på grunn av offentlege pålegg. Stor gjeldsbyrde, kombinert med reduserte produktprisar og auka kraftfôrkostnader kan rett og slett blir for krevjande. Dette burde avtalepartane teke konsekvensane av. Det blir for enkelt å avvise problemet med at overproduksjon må næringa sjølv ta ansvar for. Her må ein evna å tenka individuelt, og å sjå den enkelte sin utfordring. Men det èr likevel eit tankekors, at ikkje alle i næringa støttar opp om dei tiltaka som marknadsregulator set i verk for å koma ut av overproduksjonen.
Det blir krevjande for dei kraftfôrkrevjande produksjonane i tida som kjem. Vi ser nokre stader truleg starten på ei gryande grovfôrkrise, som ikkje minst vil ramma store mjølkeproduksjonsbruk.

Utsikter til auka kraftfôrprisar er det desse bøndene treng minst.

Eirik Stople
eirik.stople@fkra.no