Media flokkar seg om landsmøta til dei politiske partia. Burde ikkje det same vera målet for årsmøta til landbruksfaglaga?

Det vårast så vidt, men sesongen for årsmøte i faglag og produsentorganisasjonar er alt på hell. Bondevennen blir invitert til å dekka fleire av møta, og me freistar så langt kapasiteten rekk å gjera det. Det er alltid kjekt. Me treff engasjerte bønder og tillitsvalde, får innsikt i saker som skapar debatt, og samlar tips til reportasjar.

Ambisjonsnivået i dei ulike årsmøteprogramma varierer mykje. Somme organisasjonar eller fylkeslag slår på stortromma, stiller kontroversielle spørsmål og inviterer meiningsmotstandarar, marknadsaktørar og kulturprofilar for å debattere sine syn på landbruket. Slike møte er spanande. Dei inspirerer både eigne medlemmar og gjestar.

Andre lag er meir nøkterne, køyrer gjennom dei formelle årsmøtepunkta, lyttar til utsendingen frå sentralkontoret, og et middag. Greitt nok. Men godt nok?

Årsmøte er eit pliktløp, men også eit glimrande høve til å synast og høyrast. Fleire lag kunne med fordel skine meir og soleis fange den merksemda dei som matprodusentar, naturforvaltarar og verdiskaparar fortener i storsamfunnet. Di meir relevant næringa gjer seg i vår tids store debattar, di meir veks forventinga om bonden som opplagt part i andre saker enn jordbruksoppgjer og avlingsnivå.

Jordbruksnæringa, uansett produksjon eller fylke, står andsynes store utfordringar. Mykje talar for at faglaga bør skjerpa tonen framover. I det daglege held gjerne kvar og ein av oss seg orientert om utviklinga på eige felt gjennom tradisjonelle og sosiale media. Det er lett å bli seg sjølv nok og søkja informasjon som stadfestar eigne standpunkt, heller enn å utfordra dei. Årsmøta er eit viktig høve til invitera inn alternative røyster som påverkar næringa, anten dei er politikarar, dyrevernarar, veganarar, daglegvareraktørar, bloggarar eller fagekspertar.

Slik kan årsmøta bli ein ennå viktigare arena for utfordring, så vel som utforming, av eigne standpunkt. Slik kan desse møta bli meir sentrale for strategisk tenking om korleis næringa skal lukkast med å skapa aksept for sine syn i omverda.

Rekruttering, anten internt for tillitsvalde, blant uorganiserte bønder eller andre potensielle medlemmar, er eit gjengangartema på årsmøta. For travle tillitsvalde kostar det nok tid og krefter å slå på stortromma og skipa eit arrangement det kan gå gjetord om. Å gjera nett det kan likevel visa seg å vere ei smart investering. Ikkje berre for å oppelda fleire nye medlemmar, men òg for å overtyda omverda om kor spanande og viktig jordbruket er. Også etter at årsmøtemiddagen er sett til livs.

Bothild Å. Nordsletten