image description

2014 blei året med gode avlingar og godt og lagleg ver. Svinenæringa kom opp av bølgjedalen, medan kyllingnæringa fekk oppleve at ingen tre veks inn i himmelen. Pelsdyrnæringa kjempar mot kalde vindar. Landbrukspolitikken held fram med å vera på agendaen i rikspolitikken og merksemda om politikken kulminierte med brot i jordbruksforhandlingane.
Landbruksministeren slår stadig ned nye reguleringshinder og uttalte ved årsskiftet at ho er nøgd med endringstakta i politikken. Valprognosane viser at folket i mindre grad sluttar opp om regjeringa sin politikk – i retning forskjellssamfunnet.

All rådgjeving og bonden sitt fokus er retta inn mot å få mest ut av drifta innafor dei rammevilkåra som den enkelte driv under. Slik må det vere, fagleg dyktigheit er nøkkelen til økonomisk suksess. Dei aller fleste styrer produksjonen med sikker hand ved å bygge ny kunnskap og erfaring år for år.
Trass i kontroll innanfor gitte rammer, kjenner mange likevel på ei uvisse i forhold til framtida. Det mest usikre er det enkeltbonden ikkje har kontroll eller påverknad over, det som skjer på utsida av steingarden.

Den norske bonden har over generasjonar operert innafor eit fellesskap som inngår i det vi gjerne kallar den norske landbruksmodellen. Modellen er ein maktfaktor og handlar om måten landbruket regulerer produksjonen og handelen innafor landbruket på. Om ein spør om kvifor den norske bonden, samanlikna med mange andre land, trass alt har det så bra, er noko av svaret den norske landbruksmodellen.

I modellen ligg fire delelement som kvar for seg og til saman er avgjerande om det blir akseptable rammevilkår for den enkelte bonde. Dei fire delelementa er; importvernet, jordbruksavtalen, marknadsreguleringsordningane og samvirke si rolle. Alle elementa er under press, fordi dei strir imot den liberale ideologien om reindyrka fri konkurranse som gjeld i internasjonal og nasjonal politikk.
Import(toll)vernet er i stor grad overstyrt ved maktavståing til internasjonale handelsavtalar. Ostetollen er likevel eit godt døme på mogelegheita
for nasjonalt handlingsrom om ein vil utnytte rommet og utfordre stormakta.
Jordbruksavtalen, eller bøndene sitt lønsoppgjer, er vidareført i regjeringsplattforma, takka vera press frå regjeringa sine støtteparti. Med eit reint blåblått fleirtal er det lite truleg at avtalen ville blitt vidareført slik vi kjenner den i dag.
Marknadsreguleringsordningane er for tida under lupa ved at det er sett ned eit regjeringsutnemnd utval som skal gi råd om den vidare lagnaden til dagens ordning. Eitt alternativ til ordninga er kontraktproduksjon slik vi ser det i grøntbransjen og i kyllingproduksjonen. Det betyr i så fall ytterlegare overføring av makt frå produsent til varemottakar, sentralisering og lukka produksjonar.
Landbrukssamvirket si rolle har vore avgjerande i den norske landbruksmodellen. Samvirka er ikkje berre bondeeigde konsern, som i sunn konkurranse med private aktørar skal sørgje for best mogeleg pris til bøndene. Samvirkekonserna er også tillagt forvaltingsoppgåver for marknadsordningane og å følgje opp jordbruksavtalen ved å sikre prisuttak i medhald av mål- og referansepris.

Som alle andre byggverk treng også den norske landbruksmodellen modernisering, men pilarane må ligge fast. Landbruket må bygge politiske alliansar som møter makt med motmakt når det er nødvendig. Vi oppfordrar til å slå ring om den norske landbruksmodellen.

 

Eirik Stople