Gammal kunnskap om lufttrykk og jordpakking kan løfta avlingsnivået og puste nytt liv i jorda di. Meir bløyte gjer trykkluftskompressoren til ein like viktig reiskap som plogen.

Våronna står definitivt for døra. Bønder flest står på startstreken, klare for å legga grunnlaget for det som venteleg blir ein fin og lagleg vekstsesong. I Bondevennen denne veka får du raust med faglege råd frå Norsk Landbruksrådgiving. Det er vel anvendt tid å lesa fagartiklane grundig.

Noko langtidsvêrvarsel ut over ei vekes tid å styra etter, finns ikkje. I år som føregåande år, blir det å kasta seg utpå åker og eng så snart jorda er lagleg, og vona på opplett fram til jobben er gjort. Om ein ikkje kan gjera noko som helst med vêret, kan den enkelte bonden likevel leggja alt til rette for å utnytta avlingspotensialet på garden.

Mykje regn i fjor haust og heile sommaren 2017, er ei påminning om å i størst mogleg grad unngå jordpakking. Det er alt anna enn lett, med ein maskinpark der effektivitet og kapasitet, og dermed også vekt, alt for fleire tiår sidan gjekk sigrande ut i høve til omsynet til jordpakkinga.

Tunge maskinar betyr først og fremst at du må unngå å køyra utpå åker og eng når jorda er for blaut. Planterøtene treng ei luftig og god jord for å strekka seg ned til djupare lag for å henta vatn og næring. I tillegg skal mikroorganismane og bakteriane i jorda ha best mogleg vilkår for å gjera plantenæringsstoffa tilgjengelege. Då høver det lite med tettpakka jord. Har du ein lettvektar i maskinparken, kan han gjerne nyttast i våronna. Så lett utstyr som råd, med redusert lufttrykk i dekka, er avgjerande rådgjerder, og legg grunnlaget for gode grasavlingar med den kvaliteten du planlegg for utover sommaren og hausten.

At jordpakkinga kan lettast monaleg ved å redusera lufttrykket, har vore kjent mest like sidan luftfylte gummihjul kom i produksjon. Men å tappa luft or dekka har vore ein tungvinn og lite brukt praksis. Bonden skal køyra til og frå jordet, med ulikt utstyr tilkopla. Teori og praksis går ikkje i hop så lett. Men nå, med tyngre maskinar og meir bløyte, tvingar praksisen seg fram.

I år kjem påsken seint. Det same gjer våronna. Potensialet til å hausta rikeleg utover i vekstsesongen er til stades. Større einingar, meir regn og kortare haustevindauga, krev fleire strategialternativ og meir planlegging i førekant enn før. Er du godt budd, blir du sjeldnare overraska.

Eit velmeinande råd nå like før våronna, er å plugge kompressoren til straumuttaket, samle nokre kollegar, og invitere NLR ut på garden din for å syna moglegheitene for redusert jordpakking i praksis med eigen maskinpark. Den tidsbruken kan fort bli den beste investeringa du gjer denne våren.

God våronn!

Sjur Håland