Debatten om kva som er god dyrevelferd raser. Og nett som i det generelle politiske ordskiftet, aukar temperaturen også mellom fagfolk, bønder og dyrevernsaktivistar. Skyttergravene blir lett djupe.

Blant husdyrbøndene er det no mange som kjenner tyngda av å vera under åtak frå alle kantar. Det er ei fullt forståeleg kjensle. Her har ein stått på dag og natt – effektivisert, svart på politiske signal om omstilling, investert og følgt regelverket, for så berre å få skulda for både massive dyrelidingar og klimaendringar. Det kan nok tæra på motivasjonen, når samtida liksom stiller spørjeteikn ved heile identiteten og livsstilen som bonde.

Engasjerte ordskifte er positivt, ikkje minst i omstillingstider, slike som no. Samstundes skal me ha ein del is i magen for ikkje å bli påverka av den harde tonen som pregar mange av diskusjonane, særleg på nettet. Viljen til aktivt å misforstå er sterk hjå somme deltakarar. Likeeins uviljen mot å prøva å setja seg inn i motstandaren sin ståstad.

Her har alle sider noko å svara for. For kva vinn ein dyrevernar eller veganar ved å stempla bønder som empatilause dyreplagarar eller moderne slavedrivarar? Og motsett, kva oppnår eigentleg bonden ved å samla alle motstandarar i ein sekk og avfeia dei som fundamentalistar og fanatikarar – som «krefter som vil landbruket til livs»?

Det er ingen tvil om at avstanden er stor mellom vanlege husdyrbønder på den eine sida, og dei som vil ha eit heilt anna husdyrhald – eller ingen husdyr i det heile.

Men å gå i svart, eller stikka hovudet i sanden og håpa på at bråket legg seg, er ingen god strategi, ei heller for landbruket. For dei store megatrendane som alt påverkar næringa forsvinn ikkje. Kunnskapsutviklinga både om behova til dyr og klimavenlegare agronomi stoppar ikkje opp. Og med ei enorm interesse for mat og landbruk, er det mange som vil meina noko om kor skåpet skal stå.

Den store samtala som legg premissa for morgondagens landbruk føregår no. Næringa må syte for at definisjonsmakta over kva som er god dyrevelferd ikkje blir overlatt til dei som knappast har vore i eit fjøs, eller dei få som faktisk vil husdyrhaldet til livs. Undervegs er det likevel viktig å kjenne standpunkta til motparten. Kanskje er det også råd å læra noko av kvarandre.

I overtyding om at det er viktig å få fram nyansane i eit hardt debattklima, snakkar Bondevennen i denne utgåva med fleire profilerte dyrevernsorganisasjonar og -aktivistar. Og me høyrer frå bønder som kjenner presset. Her er nok kraftig kost for den gjengse bonde, men også tankevekkjande invitasjonar til dialog – frå både sider.

Det ber bod om at eit anna og meir fruktbart debattklima er mogleg.

Bothild Å. Nordsletten