Er dette tilbodet som gir bonden framtidstru?
Som får odelsjenta til å velja garden?
Som dekker etterslep og investeringsbehov?
Aukar det sjølvbergingsgraden, helst til 50 prosent?
Styrkar det grovfôr- og planteproduksjonen?
Svarar det på alvoret, i dag og i morgon?

Er dette snuoperasjonen me har venta på?

Noko kan me alt stadfesta så langt i jordbruksoppgjeret. Då staten la fram tilbodet sist veke fekk det usedvanleg stor merksemd. Bakteppet, med kostnadsboom, krig og bondeopprør har også ført til ei sjeldan samstemt erkjenning av alvor mellom forhandlingspartane.

I ei uroleg verd er jordbruket kanskje i ferd med å gjenvinna tyngd og status som leverandør av grunnleggjande samfunnsberedskap. Det bør koma bøndene til gode. Staten følgjer då òg heldigvis jordbruket sine tal for kostnadsutviklinga. Åtte av dei 10,15 milliardane i tilbodet går til å dekka inn prisgaloppen.

Spaninga i det Bondevennen går i trykken måndag dreier seg om to spørsmål, og dei heng i saman. Først – er staten villig til å tetta inntektsgapet mellom bøndene og andre grupper, slik bøndene treng og krev? Mange vart blenda av summen i tilbodet, men for fleire er 30 000 kroner berre ikkje nok til å halda det gåande særleg lengre.

Deretter – kor er den, den «ein heilt annan politikk», som Sandra Borch lova i Bondevennen i november? Me ser ikkje mykje nytenking i statens tilbod. Særleg er dette alvorleg for grôvforproduksjonen og beitebruken. Det kan sjølvsagt hevdast at krisetid ikkje er rette tid for radikal nytenking, men trur me ærleg talt at utfordringane vil bli færre framover?

Ei felles forståing av alvoret mellom stat og bønder er ein viktig premiss for ei skikkeleg inntektsutvikling, men det er kronene som tel. Og fagre lovnadar om endring er ikkje verdt mykje utan ein ny politikk som gjer at vi får fleire motiverte bønder ved utgangen av mai.

Bothild Å. Nordsletten