image description

– Norsk landbrukspolitikk har eit innebygd trilemma, seier økonom og vegvalsrettleiar Ole Christian Hallesby.
Han har nyleg gjesta Særheimsdagen på Jæren og leiarmøtet til Hordaland Bondelag med føredraget: Vegval og mogelegheiter sett i lys av ”ny” landbrukspolitikk.
 

Med trilemma meiner Hallesby at landbrukspolitikken har tre mål som føreheld seg slik til kvarandre at berre to av dei kan oppnåast samtidig. Han viser til at ein modell med mål om stabil bruksstruktur, auka effektivitet og avgrensa produksjon for ein innanlands marknad, ikkje går saman. I dette trilemmaet er det strukturen som har tapt dei siste tiåra, jfr. kraftig nedgang i tal bønder, og oppbygging av store brukseiningar.
– Slik sett er dagens landbrukspolitikk ei vidareføring av tradisjonell politikk. Det nye er endringsfarten og at regjeringa parkerer strukturmålsettinga.
Det er ikkje lenger eit mål å ha ein variert bruksstruktur og eit stabilt tal bønder. Breiddepolitikk, der ein trekker inn verdien av jordbruket si mangfaldige rolle i distrikta, knytt til busetnad, sysselsetting, verdiskaping og kulturberar tel ikkje lenger. Det blir enklare å laga landbrukspolitikk ut frå målsettingane om effektivitet og produksjon, der strukturmålsettinga er kutta ut, analyserte Hallesby.
– Hallesby sin analyse er rett i forhold til dagens politikk, med forenkling og fjerning av strukturproblematikken, seier bondelagsleiar, Lars Petter Bartnes, i ein kommentar til Bondevennen.
– Men det er nettopp difor vi har ein politikk, for å fylle landbruket si samfunnsrolle. Vi må argumentere for ein politikk som har i seg struktur- og samfunnselementa, understreka bondelagsleiaren.
 

Vi ser at regjeringa, i ekspressfart, skaffar seg ei verktøykasse for gjennomføring av lova politikk. Nå innfrir dei valløftene. Retorikken og den ideologiske plattforma er klar. Bonden skal setjast fri. Bort med reguleringar og bindingar knytta til eigedomsretten. Konsesjons- og kvoteendringar styrer regjeringa ut frå fullmakt. I lov- og budsjettsaker, inklusive tollskjerming, er mindretalsregjeringa avhengig av eit stortingsfleirtal.
Etter vår vurdering er det inkonsekvent å avregulere ei politisk betinga næring. Politisk fridom er, over tid, ikkje det same som økonomisk tryggleik. Oppbygginga av den norske landbruksmodellen, basert på familiejordbruk, med framforhandla økonomiske rammer via jordbruksavtalen og samvirke i ei sentrale rolle i gjennomføring av landbrukspolitikken, kan bli sett i spel.
Vi meiner det er rett å erkjenna at trilemmaet, som Hallesby peikar på, utfordrar landbrukspolitikken. Vegen vidare ligg ikkje i å parkera utviklinga. Regjeringa sin nye avreguleringspolitikk er heller ikkje ein farbar veg.
 

Norge treng ein landbrukspolitikk som er langsiktig og føreseieleg og som tek sjølvforsyning, miljø og geografi på alvor. Vidare må politikken balansere både landbruket og samfunnet sine behov.

 

Eirik Stople