Bv06_leiar.jpg

 

På eit landbrukspolitisk møte på Jæren nyleg, med landbruksstatsråd Slagsvold Veum og stortingsrepresentant Høie til stades, uttalte Ordføraren i vertskommunen Hå fylgjande:

Landbruket krev klare svar.

Uttalen er godt formulert og er i høgste grad aktuell. Det er faktisk heilt avgjerande for ein sjølvstendig næringsdrivande, som satsar opp mot tosifra million-beløp på ei investering der hus og heim ligg i potten, å vita kva dei økonomiske ramevilkåra blir på kort og lang sikt.

Det må vera samsvar mellom klare svar og handling. Matmeldinga, som kom i fjor, gav klare svar om satsing på landbruk og norsk matvareproduksjon i heile landet, men ord er ikkje nok for å tryggja inntektene til bøndene. Slik sett var det eit tankekors at bøndene braut forhandlingane og aksjonerte på det første jordbruksoppgjeret i kjølvatnet av dei vakre formuleringane i landbruksmeldinga. Kanskje var det dette Mat- og landbruksministeren hadde i minnet, då han understreka at ein av bærebjelkane i Senterpartiet sin landbrukspolitikk, er tilstrekkeleg budsjettstøtte via gode jordbruksavtalar.

Stabile ramevilkår er ikkje bare tufta på politisk godvilje. Det ligg eit stort ansvar på næringa i å tilpassa produksjonen til marknaden. I desse dagar ser vi at økonomien i svin- og eggproduksjonane er økonomisk skadelidande på grunn av ein uheldig overproduksjon. Her har marknadsregulator eit ansvar ved å tidleg fanga trendane i marknaden og ha innsyn i næringa sitt produksjonspotensial. I denne situasjonen tener alle på at ein følgjer opp dei tiltaka som vert tilrådde. Med feil margin til avtalepris og høg omsetningsavgift kan det bli lite overskot att når bankane og kraftfôrleverandørane har fått sitt. Faktum er at ubalanse i marknaden først og fremst rammar bonden og her er det næringa som sit med nøkkelen til snarast råd å koma i balanse.

Strukturrasjonalisering,  grunna teknologisk utvikling og meir fleksible kvote- og konsesjonsgrenser kan fort påverka rammevilkåra til bøndene, både positivt og negativt. Dette er ei ønskt politisk utvikling og gir muligheiter for den som vil satsa. Men, konsekvensane ser ein ved at talet på aktive bønder rasar nedover. Denne situasjonen bør landbruket dvele ved. Det blir forska på så mangt. Kanskje burde det vore ei forskingsoppgåve å analyse, løns-, arbeids- og driftstilhøva for den moderne bruksutbyggaren. Landbrukspolitikken må bygga opp under ein berekraftig løns- og arbeidssituasjon for dei som investerer i landbruket.

– Landbrukskundane har mindre krav til inntening og er villige til å akseptera lågare timeløn enn anna næringsliv, sa Peder Skåre i nemnte politiske møte. Slik bør det ikkje vera. Framtidsbonden har eit legitimt krav til ei respektabel inntekt og på stabile ramevilkår.

Då rokkar ein ikkje ved importvernet og nivået på landbruksstøtta. Politikarane må konfronterast med konsekvensane av politiske vegval, og då er det ikkje tåkeprat, men klare svar som gjeld.

 

 

Eirik Stople
eirik.stople@fkra.no