image description

Dette var våren då Bondelaget og Småbrukarlaget gjekk høgt på banen for å gi eit løft til små og mellomstore bruk. Dette skulle ein primært oppnå gjennom målretta bruk av auka ramme for budsjettmidla i jordbruksavtalen 2016. Resultatet blei ei total ramme på 350 millionar. Av desse er 100 millionar budsjettmiddel, som er altfor lite til å oppnå dei måla faglaga hadde sett seg føre.
I sluttprotokollen for forhandlingane viser avtalepartane til uttalen frå ein samla næringskomité (2014-2015), der det heiter: «Det må opprettholdes en differensiering i virkemidlene, som legger til rette for en variert bruksstruktur og sikrer bærekraftig produksjon på jordbruksarealene i hele landet».
Dette er ei målsetting jordbruksavtalen bør målast etter. Oppnådde avtalepartane stortinget si målsetting eller ikkje?

Småbrukarlaget kunne ikkje akseptere ramma for avtalen og retninga i politikken, og braut igjen på prinsipielt grunnlag. Norges Bondelag synte igjen ei pragmatisk haldning og gjorde avtale med staten, ut frå premissen om at dette var det ein kunne oppnå under gjeldande politiske stortingsfleirtal. Samstundes registrerer vi at Bondelaget er nøye med å understreke at å inngå avtale ikkje betyr at ein går god for gjeldande landbrukspolitikk.

Ramma for avtalen legg grunnlag for ein inntektsauke på 3,1 prosent, tilsvarande 10.700 kroner i snitt per årsverk. Dei økonomiske utslaga for referansebruka syner at jordbruket går vidare med stø kurs. Vi ser at avtalepartane har prioritert produksjonar som har marknadspotensiale og motsett for dei produksjonane som «stangar i taket». Dei kraftfôrbaserte produksjonane, svin og egg, samt sau får negative økonomiske utslag av avtalen, medan ammekyr, korn, frukt og bær kjem best ut. Mjølkeproduksjonen får ein forsiktig målprisauke på 5 øre per liter, og kjem ut med plusstal for alle bruksstorleikar. Det økonomiske gapet mellom store og mindre mjølkebruk blir ført vidare.

Lausdriftskravet er ei sak som Bondelaget tilsynelatande har eit uavklart forhold til. Haldninga har vore å gå for lausdriftskravet under føresetnad av at staten stiller med ein betydeleg investeringspakke. Slik kunne ein imøtekome utgangspunktet for kravet, som er dyrevelferd, og samstundes fornye mjølkeproduksjonen, også på mindre bruk. Småbrukarlaget vil ha overgang til lausdrift i samband med naturleg avgang av båsfjøs.
Mange er nok letta over ei utsetting på 10 år. Det gir rom for å ta ut restverdien av eksisterande fjøs og gir ein tidshorisont som er meir realistisk med omsyn til tilpassing.
Spørsmålet er likevel om ein «slo inn opne dører» og betalte dyrt for noko det truleg uansett ville vore fleirtal for i Stortinget når ny landbruksmelding kjem til behandling. Den store utfordringa nå, blir å halde fokuset på investeringspakka. Vi meiner at investeringspakka blir avgjerande og har stor samfunnsverdi ved at den kombinerer måla om auka sysselsetting, verdiskaping og matproduksjon i heile landet.

Sett i lys av regjeringspartia sine tidlegare uttalar til nivået på overføringar til landbruket, er 100 millionar i auka budsjettstøtte eit steg i rett retning, men innrettinga av politikken og justering av kvote- og konsesjonsgrenser utfordrar målsettinga om ein variert bruksstruktur i heile landet.

Eirik Stople