Heretter kjem det til å handla mykje om mindre fosfor. Dei nye gjødselreglane som vart sendt på høyring 20.mars inneber store omstillingar for husdyrbønder over heile landet.

Også for dei i Rogaland og på Jæren, sjølv om grenseverdiane for mengda tilført fosfor til jord blir noko rausare her enn i andre landsdelar. Ei samla næring i fylket skal ha takk for innsatsen som er lagt ned for å få gjennomslag for at ekstra store avlingar krev meir gjødsel.

Medan ein kvar ny regel kan verka som ein bøyg, ikkje minst dei som inneber så mykje dokumentasjon som desse, er det samstundes viktig å hugsa kvifor dei kjem.

Vassdraga våre er korkje så reine eller så levande som dei kan bli. For mange bønder utnyttar gjødsla for dårleg. Bruken av mineralgjødsel er i overkant.

Målet med dei nye gjødselreglane er å betra dette. Eit stort ansvar kviler derfor på bøndene. Legitimiteten til norsk mat avheng av at dei produserer den på den mest naturnære måten. Vasstilstanden krev det, og samfunnet har augene på jordbruket. Næringa er elles ikkje den einaste som må legga seg i selen for å etterleva både nasjonale og internasjonale vassdirektiv.

At bekkar og kanalar ikkje lengre putrar av algar er bra, men altså ikkje godt nok. Visjonen må vera at ein kan drikka vatnet og at fisk, muslingar, insekt og vakker kantvegetasjon trivst i og rundt det. At det blir vanskeleg, tyder ikkje at det er umogleg. Og klarar me ikkje å oppnå det – korleis ser då jordbruket føre seg å klara kuttet av fem millionar tonn CO2-ekvivalentar, slik ein har forplikta seg til, innan 2030?

I så måte avdekker dei nye gjødselreglane ei mengd problemstillingar og paradoks, som må svarast ut før forskrifta trer i kraft: Reint praktisk må bonden heretter i mykje større grad ta jordprøvar, rapportera og dokumentera fosforbalansen i jorda. I seg sjølv ein smart ting å gjera. Men er rådgivarapparatet rigga for dei som kjem til å trenga det? Har kommunale landbrukskontor kapasiteten til å kontrollera at forskriftene blir følgde? Og kor blir det eigentleg av biogassanlegga som både skal ta unna – og skapa ny verdiar av – gjødseloverskotet?

Behovet for å redusera fosforavrenning er langt meir enn ei isolert sak for jordbruket. Den gjeld alle. Uvisse og eventuelle endringar i volum frå primærprodusentane vil til dømes utfordra næringsmiddelindustrien. Nye krav til spreieareal vil føra til hardare kamp om jorda. Dei som framleis ser åkrar og enger som potensielt tomteareal, må tenka heilt nytt.

Sist, men ikkje minst: Det skortar ikkje på ambisiøse målsettingar for å svara ut alt alvoret i vår tid. Eit av måla er auka sjølvberging – ja, heile 25 prosent meir norsk mat. Me bør kunne vera trygge på at dei nye gjødselreglane og sjølvbergingsmålet ikkje slår kvarandre i hovudet.

Korleis forslaget som er på høyring til 20.juni slår ut for deg som bonde, avheng av kva du produserer og kor. Har du meiningar om reglane, oppmodar Bondevennen deg til å koma med innspel.

Bothild Å. Nordsletten