image description
Under konferansen Mat og Landbruk var landbruket sin veg inn i det grøne skiftet tema.
– For å få til eit skifte må vi få til noko meir enn generell framsnakking av norsk landbruk. Tida er inne for få betalt for dei snarvegane norsk landbruk aldri tok. Profitt og berekraftig produksjon må gå hand i hand, sa Ola Hedstein, direktør i Norsk Landbrukssamvirke, då han ønska velkommen til konferansen. Hedstein skar rett til saka si kjerne. Nemleg den økonomiske utfordringa ved at verda skal bli grønare.

Mange snakka med flotte ord om eit grønt skifte, berekraft, bioøkonomi, sirkulær økonomi og lagspel med naturen. Alt saman høyrest veldig bra ut. Berre orda kan imponere dei fleste. Men det skal nok meir til for å imponere bøndene, som har beina godt planta i kvardagen på garden. På landsbygda skal det ofte meir enn flotte titlar og store ord til for å imponere. Ikkje nødvendigvis fordi bøndene er så trauste og gamaldagse. Bøndene baserer si framtid på det som veks og er levande. Ein bonde kan ikkje leve av store ord og festtalar, og må difor få lov til å spørje: Korleis vil alle dei fine orda, om eit grønt skifte, slå ut i praksis?

Alle bedrifter møter stadige krav om dokumentasjon og regelverk som må følgjast. At heile samfunnet må tenke meir miljøvennleg er ikkje mindre enn supert, og på høg tid. Det er viktig at alle tek sin del av ansvaret, også bøndene. Men at bønder med traktor og fjertande kyr skal trekkast fram som verstingar er dramatisk. Det er spesielt at akkurat kyrne får så mykje merksemd for prompen sin. Meir forsking og fakta må på bordet i denne saka. Det er merkeleg at dyra som har vore ein del av naturen sitt krinslaup i så mange år skal stemplast som klimasvin. Menneskeheita treng meir mat i framtida, og bønder med kunnskap om matproduksjon er avgjerande. Difor bør ei grøn omlegging ikkje føre med seg større avgiftsbyrde for bøndene.

Ei praktisk tilnærming, blanda med realisme, trur me er viktig også når det kjem til eit grønt skifte. Fine ord kan gi motivasjon, men ord må følgjast av ei handling om dei skal gi meining. Ord utan handling blir som kjend, berre tomme ord. Under konferansen Mat og Landbruk fekk me også høyre om mange spanande prosjekt og nyvinningar i miljøet sitt namn. Det er imponerande å sjå alle moglegheitene som finst.

For at alle gardsbruka ute i det langstrakte landet skal bevege seg i ei meir miljøvennleg retning, trur me på gulrot framfor pisk. Bøndene viser kvar dag at dei raskt kan tilpasse seg endringar i samfunnet. Ein kan fort bli stempla som negativ for å kome med det store MEN, etterfølgt av ordet økonomi. Fakta er at inga bedrift kan overleve av å gjere det rette, utan at det svarer seg økonomisk. Politikarar verden over har same utfordringa. Miljøvennlege løysingar må svare seg. Då veit me at bøndene vil omdanne ord til handling.

Jofrid Åsland