bv45_leiar

Somme av problema menneskeslekta står andsynes er så altomfattande at me knapt er mentalt rusta til å fatta dei, langt mindre handla for å verge oss mot dei. Klimaendringane er det opplagte dømet. Den komande mangelen på fosfor er ei anna, men langt mindre omtalt utfordring.
Alt liv avheng av fosfor. DNA’et vårt og genene våre er prisgitt dette grunnstoffet, som er like viktig som vatn, karbon og oksygen. Alle bønder veit at utan fosfor, kan me ikkje produsera mat.

Mange forskarar hevdar at dei globale fosforreservane vil tømast innan 100 år. I alle fall om me ikkje endrar måten me bruker fosfor på, i det globale matsystemet. Sjølv om reservane skulle vara lengre, er det all grunn til å vera føre var, for:
– medan fosforreservane minkar, veks etterspurnaden. I 2050 vil verda ha om lag ni milliardar munnar å metta, mange av dei vil etterspørja fosforintensive produkt som kjøt og mjølk.
Ikkje berre minkar det på fosfor, reservane er også av lågare kvalitet, ofte fulle av tungmetall som kadmium. Reinsking av fosfor er energiintensivt og kostbart.
Aukande mangel på fossile brennstoff i framtida, stiller også spørsmålsteikn ved bærekrafta i å utvinne, foredla og transportera fosfor til gjødsel og kraftfor over heile kloten.

Eit misforhold mellom tilbod og etterspurnad kan lett også bli eit tryggingspolitisk spørsmål. Alle bønder treng fosfor, men berre fem land kontrollerer 88 prosent av reservane, fleire av dei med ustabile regime (Marokko, Kina, Algerie, Syria og Sør-Afrika). Marokko aleine kontrollerer 75 prosent av dei beste reservane. Dette inneber at alle importland, Noreg inkludert, er sårbare for prisvariasjonar og stopp i leveransar.

Globalt er det også mange bønder som ikkje har råd til gjødsel. I 2008 skaut fosforprisen til himmels med 800 prosent. Bondeopprør braut ut frå India til Haiti. Få faktorar utgjer så stor risiko for sosial uro og vald som matmangel og høge prisar.
Fosforreservane minkar ikkje berre fordi det er ein avgrensa ressurs, men også grunna massivt sløseri. Globalt går fire femdelar av stoffet tapt på vegen frå gruva til gaffelen, og endar opp i vatten og jord som forureining. I denne utgåva av Bondevennen skriv me om forskarar på Jæren som freistar å bøta på dette problemet.

For det finns løysingar. Ideen om gjenbruk og resirkulering basert på sirkulærøkonomiske prinsipp, der ressursane blir verande lengre i kretsløpet, har fått fotfeste, ikkje minst i EU. Den norske gjødselvareforskrifta blir no revidert mot dette bakteppe. Det ligg også eit stort potensial for betre ressursutnytting av fosfor i slam frå fiskeoppdrett og i organisk avfall.
Betre utnytting av fosfor inneber at mindre hamnar på avvege som forureining. Med betre utnytting kan også importen av mineralsk fosfor kunne reduserast, og me vil bli mindre sårbare.

Trass i at fosfor er ein av verdas mest kritiske ressursar, finns det førebels ingen internasjonale organ eller regelverk som skal sikra oss tilgang til stoffet framover. Noreg har heller ingen strategi. Vonleg blir fosforutfordringa løfta fram i regjeringa sin varsla Bioøkonomistrategi. Men eventuelle tiltak i Noreg er ikkje nok. Spørsmålet er om fosfor, til liks med klimaendringane, snart også må bli tema i tryggingspolitiske vurderingar og strategiar.

Bothild Åslaugsdotter Nordsletten