Bv18_leiar

Ikkje uventa følgde landsmøtet i Arbeiderpartiet opp tidlegare vedtak frå 2011 om å gå inn for ei styrt avvikling av norsk pelsdyrhald. Vedtaket var ikkje samrøystes, og vi har merka oss at i redaksjonskomiteen røysta 7 for nedlegging, medan 4 var imot. SV har tidlegare gjort landsmøtevedtak om å avvikle norsk pelsdyrhald.

Sosialdemokratane mislikar pelsdyrhald. Etter solid valkampbidrag frå dyrevernorganisasjonane, avvikla Tony Blair, i sin første styringsperiode, det vesle av pelsdyrhald som var i England. Sosialdemokratane i Sverige har også gjort prinsippvedtak om avvikling av svensk pelsdyrhald, men vedtaket er blitt liggande urørt i skuffa. I Nederland er pelsdyrhald nyleg vedteke avvikla.

Kva er det med pelsdyrhald som provoserar? Det er ei etisk grunngjeving, sa Tony Blair, då han samstundes med avvikling av pelsdyrnæringa ville forby revejakt. Ville dyr i bur og luksusproduksjon,   er mantra som dyrevernsorganisasjonane NOAH og Dyrevernalliansen nyttar. Dei har hatt avvikling av pelsdyrhald som kampsak i mange år. Og dei har lukkast. Landstyrevedtaket i AP er eit prov på det.

Vi deler ikkje AP sitt syn i denne saka. Vi konstaterer at pelsdyrhald er husdyrproduksjon og må vurderast ut frå det. Som andre husdyr, skal pelsdyra ha ein akseptabel dyrevelferd. Produksjonen er underlagt krava i dyrevelferdslova, med eiga forskrift om hald av husdyr. I ein kommentar til Bondevennen, for ei tid sidan, kommenterte pelsdyrhaldar Reidar Helgesen dei mange negative medieoppslaga om pelsdyrnæringa slik: Dårleg dyrevelferd er uakseptabelt, men det blir feil når ei heil næring blir framstilt i eit negativt lys. Dyktige husdyrbønder blir urettvist ramma.

Import av sølvrev til Norge, som eit første grunnlag for moderne pelsdyrhald, fann stad i 1914. Næringa førebur 100 årsmarkering i 2014. Soga om norsk pelsdyrhald har vore ein berg og dalbane.  Oppturar og klonedyke-stemning når verdsprisane var gode, det motsette når det ikkje var pengar i produksjonen. I desse dagar er det svært god økonomi i pelsdyroppdrett. Næringa er for tida den klart mest lønsame næringsgreina i norsk jordbruk, utan subsidier.

Det er om lag 300 pelsdyroppdrettarar i Norge, og pelsdyrnæringa opplever god rekruttering om dagen. I 2012 omsette næringa skinn for 450 millionar. Prognosen for inneverande år er 5- 600 millionar. Dette er gode pengar for landbruket, og gir landet eksportinntekter. Det er også ein del av biletet at 50 000 tonn avfall frå næringsmiddelindustrien blir nytta til pelsdyrfôr. Slik styrker pelsdyrhaldet indirekte økonomien i dei andre husdyrproduksjonane.

Pelsdyrnaæringa har ei utfordring med omdømet. Initiativet frå dyrevernorganisasjonane har munna ut i negative medieoppslag og enda opp i politiske vedtak som det står makt bak. Løpet er likevel ikkje kjørt. Vi lever i eit demokrati der maktutøvinga krev politisk fleirtal. Næringa har i tida som kjem eit stort ansvar for bygging av eige omdøme for å skapa ei trygg plattform for framtidig drift og utvikling.

Eirik Stople
eirik.stople@fkra.no