Våronna er i gang. Hjulakslingen på gjødselvogna knekk under spreiing av andre lasset. Panikken melder seg. Ringer du til forhandlar og impulskjøper ny vogn, eller brukar du ein dag på eigen verkstad eller ventar to dagar på at landbruksverkstaden gjer reparasjonsarbeidet for deg?

Eller er det tenkte tilfellet uaktuelt sidan du sveiste sprekken og forsterka akslingen i vinter?

Me skal vakta oss vel for å sitja på vår formsydde stol på eit temperert kontor og fortelja kva lesarane våre bør gjera eller ikkje gjera, mellom stelleøktene nå i den mørke og kalde årstida. Heller enn å rette ein peikefinger, kan me slå fast at det er skil på oss. Heldigvis. Men noko har me også felles. Som at me alle har område der me kan bli betre. Har du for eksempel ein aversjon mot høgtrykksvaskaren, feittpressa og fastnøkkelsettet, er forbetringspotensialet absolutt til stades.

Analysane som både Tveit og Hå Gardsrekneskapslag presenterer kvart år, illustrerer skilnadane på sitt vis. Dei deler bøndene i dei ulike produksjonane inn i tre grupper, alt etter resultat. Ikkje uventa er det ein skil på dei med høgast og lågast resultat. Om me ser på Hå sine tal for maskinkostnadar per dekar i mjølkeproduksjon med 80-120 prosent påsett, er skilen 240 kroner per dekar mellom gruppene i lågaste og høgaste enden. Er arealet 500 dekar, blir skilen 120.000 kroner. Det er mykje pengar.

Tala illustrerer at alle, også dei med dei lågaste maskinkostnadane, har noko å gå på.

Vedlikehald og førebygging av driftsavbrot kjem inn under samleomgrepet kostnadsjakt. På denne årstida har gjerne merkeverkstaden din gode tilbod på traktorservice. Å utsetja den ubehagelege fakturaen frå verkstaden til våren, blir gjerne ein dyrare affære. Konsekvensane av å droppa servicen heilt er ikkje til å tenkja på. Så er det lettare sagt enn gjort, om likviditeten ikkje er den beste for tida. Me er klare over det.

Å nyta privilegiet det er å vera sin eigen sjef, kan takast ut til fulle i årstida me nå går inn i. Det er god helse i å halda lengre pausar og ha kortare arbeidsøkter i vintermånadane.

Så spørs det då, om ikkje noko av den ledige tida likevel bør brukast til vask, smørjing, reparasjonar og vedlikehald av reiskapsparken. Mørketida kan vera ei fin tid i reiskapshuset eller verkstaden med ein podd på øyra, og godt selskap med sveiseapparatet, verktøyskapet og ein ståltermos med kaffi.

Det er ikkje alltid så mange timar som skal til i verkstaden med sveiseapparatet før du har reparert og forsterka sprekken på akslingen på gjødselvogna. Når du skifter lager og strammer kjeda på lessevogna, som byrja å bli slarken på tampen i haust, er det ein heil del arbeid, men timeløna er god. Særleg om du reknar opp mot kva ein driftsstopp under slåtten kan kosta.

Våren kjem før me veit ordet av det. Best å vera klar.

Sjur Håland