Stemninga var god. Engasjementet var stort. I tillegg var svineribba i verdsklasse. Norsvin Sør-Vest sitt stormøte på Undheim førre veke, som du kan lesa meir om ein annan stad i bladet, gir grunn til optimisme. Viljen til å finna rette verktøya for å få økonomien opp på eit akseptabelt nivå og samstundes finna balansenivået i produksjonsvolumet, er til stades.

Svinebøndene sit for tida i eit klister som ikkje kan løysast opp med eit kvikkfix løysemiddel. Hovudbodskapen frå bøndene på møtet på Undheim, er behovet for auka inntekt. Målprisen må opp. Det er ikkje vanskeleg å skjøna den bodskapen ut frå kostnadsveksten som har vore, samstundes med at produksjonsinntektene i beste fall har stått på staden kvil. Men korleis er det mogleg å auke inntekta når oppgjersprisane alt nå ligg opp mot målprisen og siste prognosen synar tilnærma marknadsbalanse?

Spørsmålet blir ikkje lettare å svara på i lys av at ein grunna tydelege marknadstrendar og synlege statistikkar veit at vekst i svineproduksjonen ikkje kan baserast på auka volum. For å løysa overskotsproblema på smågris må purketalet ned. Samstundes må vilkåra for slaktegrisprodusentane vera så gode at dei stimulerer til vidare drift og satsing. At moglegheita for reguleringseksport fell vekk ved utgangen av dette året, er gammalt nytt. Spørsmålet er om næringa greier å legge seg på eit produksjonsnivå der det ikkje er bruk for denne ventilen. I følgje Skulberg i Nortura Totalmarked for kjøtt og egg, bør produksjonen då ligga eit par prosent under forbruket, altså kring 98 prosent.

Siste purke-oppkjøpsordninga gav langt frå full effekt, men har hjelpt på i rett lei. Jordbruksavtalen i fjor opna for å bruke frivillig dugnad som verkemiddel for å få balanse i marknaden. Dugnaden har, i følgje Norges Bondelag, hatt effekt. Er det mogleg å redusera purketalet så mykje gjennom den pågåande svinedugnaden at reduksjonen i tillegg kompenserer for effektivitetsveksten i næringa? Det er lett å vera negativ. Men dugnad er ikkje eit ukjent fenomen i landbruket, og her står svært mykje på spel.

Norges Bondelag sine forsikringar om at dei vil styrka kornøkonomien og kanaliseringspolitikken, og dermed gå inn for å auka prisnedskrivingstilskotet på korn, er greie å ha med seg. Me ventar at også kraftfôrprodusentane tek sin del av ansvaret med å halda sine kostnadar under kontroll. Avgrensa kostnadsauke blir heilt avgjerande for å få svinenæringa på rett kjøl att.

Om få dagar kjem oppdatert prognose frå Nortura Totalmarked. Det er denne prognosen, saman med prognosen 15. mars, som skal leggjast til grunn når avtalepartane går i forhandlingar i mai. Dersom 2020-prognosane synar overskot utover våren, vil det bli krevjande å få gehør for den målprisauken det definitivt er behov for.

Sjur Håland