Alle fortener ein ny sjanse, men ikkje for å gjera den same feilen, skriv Paulo Coelho. Den verdskjende forfattaren har neppe særleg peil på svinehald. Men det burde norske svinebønder ha. Og det har dei, dei fleste.

Men blant dei 582 som fekk umeldt besøk av Mattilsynet under siste tilsynsrunde, vert det rapportert om brot på regelverket hjå over halvparten. Tala gir eit godt inntrykk av tilstanden i norske svinebesetningar, seier Mattilsynet. Og medan austlendingane kjem relativt godt ut av det, er det tungt å sjå at sør og vest er dei regionane kor det er flest regelbrot, og flest av dei mest alvorlege tilfella. Det er også her Mattilsynet måtte bruke dei sterkaste reaksjonsformene.

Dette handlar ikkje om misforståing av kompliserte retningsliner. Det skuldast ikkje vag kommunikasjon kring dyrevelferd. Ei heller kan funna gjennomgåande forklarast med psykisk uhelse hjå bonden.

Det handlar om totalt unødvendige brot på enkle minimumsreglar. Om utilstrekkeleg bruk av strø og rotematerial – som nest etter mat og vatn er det mest elementære for at gris i betongbingar skal få vera litt gris. Det handlar om alt for mange røktarar som let vera å behandla sjuke og lidande dyr. Igjen.

For alt dette kjem for dagen til trass for at tilsynsrunden var grundig varsla. Til tross for at den følgde i det opprørte kjølvatnet etter eit lokalt tilsynsprosjekt i Rogaland i 2017. Til trass for flaumlyset etter det mange håpa var ein skilsettande NRK-Brennpunkt-dokumentar «Griseindustriens hemmeligheter», i 2019.

Bjørn Gimming, leiar i Norges Bondelag, og landbruks- og matminister, Sandra Borch, konkluderer som folk flest med at dette ikkje er bra nok. Næringa har jo hatt mange sjansar til å rydda opp. Difor står det ikkje til truande når dei to så forsøksvis forklarar funna med manglande kompetanse og regelforståing hjå bonden. Ein skulle nesten tru at nokre svinebønder berre har tungt for det. Er det slik?

Alternativt er det nærliggjande å tenke at somme svinebønder faktisk ikkje ønskjer å endra seg. I så tilfelle luktar det ukultur: Ei tut-og-køyr-haldning som korkje ser det einskilde dyret eller forheld seg til kunnskapsutviklinga, regelverket og tendensane i samfunnet rundt. Er me der?

Sjølvsagt kan ikkje uhell og gleppar utelukkast. Bransjen er pressa, med store besetningar og einsame bønder på minimale marginar. Visst er dyrevelferd også eit spørsmål om økonomi, politikk og struktur. Den kjensgjerninga fordrar fortsatt politisk og fagleg oppfølging av næringa. Men dyrevelferd er faktisk bonden sitt ansvar.

Kanskje har svinenæringa no kome til den krossvegen der dei som driv godt må spørja seg om dei framleis orkar å bli trekte ned i søla av dei som trass all innsats ikkje let seg løfte. Mykje tyder på at me nærmar oss.

Dei nye avdekkingane vil neppe føre til at pølsesalet stupar. Samstundes ser me ikkje vekk ifrå at funna gir vatn på mølla til dei som vil rangera bøndene i A-, Bog C-lag, innføra dyrevelferdsmerking av baconet, strengare regelverk og hyppigare kontrollar, – eller legga ned næringa.

No er det iallfall forståeleg, om så skulle skje. Og om det skjer, heldt det ikkje å ropa at nokon er ute etter «å ta» svinenæringa, eller klaga på at reglane for strø og rotematerial er for vage. Det er ingen grunn til at austlendingane skulle forstå dei betre enn sørvestlendingane.

Bothild Å. Nordsletten