Olav Eik-Nes, administrerande direktør i Norsvin, legg ikkje fingrane i mellom når han analyserer stoda i eiga næring i siste utgåve av fagbladet Svin.

Svineproduksjonen er i dag lite berekraftig og lite robust til å møte framtida, skriv han, og viser til at sjølv ikkje dei 25 prosent beste produsentane og SPFprodusentane har økonomi til investeringar og vedlikehald. Eik-Nes kallar økonomien i næringa «kritisk svak», og det til trass for målprisuttak og redusert omsettingsavgift. Ikkje ein gong ein årleg effektivitetsvekst på vel tre prosent dei siste fem åra har klart å demma opp for auka kostnadsvekst og manglande inntektsvekst. Og, minner direktøren om: her handlar det om den næringa som produserer mest kjøt i Noreg. Den som syter for mest sysselsetting i slakte- og foredlingsindustrien vår.

Ansvaret for stoda legg Eik-Nes på staten og bondeorganisasjonane, som med referanse til overproduksjon ikkje har villa etablera naudsynte rammevilkår for næringa under jordbruksoppgjera. Kvifor gjeld ikkje same argument for andre produksjonar som det blir forhandla om, undrast han. Det er eit betimeleg spørsmål ettersom den eine husdyrnæringa etter den andre no produserer for mykje av det gode.

Utan nytenking, fornying av produksjonsapparatet og betre økonomiske rammevilkår fryktar Norsvin-direktøren at næringa forvitrar.

Dit må me sjølvsagt unngå å koma. Den norske grisen er ein suksess, kva gjeld både avl, helse, velferd, klimaeffektivitet og smak. Næringa og svinebøndene er proffe. Det tyder ikkje at det ikkje finst forbetringspunkt eller at produksjonen vil sjå heilt lik ut om ti-femten år. Utfordringane er mange: Det høge talet på smågris er akutt. Prognosen tilseier eit overskot på 400 tonn svinekjøt for 2019 og 600 tonn for 2020. Høve til eksport fell vekk neste år. Purketalet må framleis ned. I tillegg er ei strengare gjødselvareforskrift på beddingen. Og over det heile kviler eit kritisk blikk frå samfunnet generelt og dyrevernsorganisasjonar spesielt.

Svinenæringa har synt seg omstillingsdyktige i fleire omgangar før, til dømes ved innføring av lausdriftskravet for 20 år sidan. Utsiktene er gode for at den skal finna vegar også ut av dagens utfordringar. Så lenge folk et pølse og kotelett i nokolunde same omfang som i dag (det kan ikkje takast for gitt), er ikkje overskotet større enn at næringa skal kunne takla det. Verre er det med investeringsbehovet, anten det gjeld nytt driftsapparat eller tilpassing til nye krav til dyrevelferd, smittevern eller redusert klimaavtrykk.

Dersom me ønskjer ein moderne og produktiv svineproduksjon også i framtida, er det viktig å få næringa i balanse att. Staten nyttar no 200 millionar kroner på å balansera mjølkeproduksjonen. Burde også svinenæringa få ei hjelpande hand, og i så fall, i kva form?

Bothild Å. Nordsletten