image description

 

Bondevennen presenterer denne gongen glimt frå norsk svineproduksjon. Utviklinga i svinenæringa er ei utruleg reise når vi ser på avls- og effektivitetsframgangen. At næringa kan vise til ein god helsestatus og produksjonsresultat i verdstoppen, er eit resultat av nært samspel mellom involverte aktørar. Når svineprodusentane, avlsforskinga, veterinærmyndigheitene, kraftfôr- og næringsmiddelindustrien gjer kvarandre gode, som det heiter i fotballspråket, får dei eit resultat som næringa har all grunn til å vera stolte av.
 
I botn for det heile ligg den politiske dialogen mellom næringa og politikarane med aksept for at det skal vera mogleg å driva med lønsam svineproduksjon her i landet. Dei kraftfôrbaserte husdyrproduksjonane eter lite av overføringane til landbruket, men er like fullt avhengig av politisk skjerming og regulering.
– Rører vi ved bærebjelkane; importvern, marknadsreguleringsordninga, konsesjon, korn- og kraftfôrordningane, svekker vi fort det økonomiske grunnlaget for svineproduksjon i heile landet, seier styreleiar i Norsvin, Geir Heggheim, i ein kommentar til Bondevennen. Igjen må vi utfordre styresmaktene til å tenke heilskap og sjå på vilkåra for svineproduksjon, før dei set i verk enkelttiltak som riv ned det ein stein for stein har bygd opp over tid.
 
Norsvindirektør Olav Eik-Nes trekker trådane tilbake til etableringa av Norsk Svineavlslag i 1958, når han gir ei forklaring på avlsframgangen som Norsvin, saman med svineprodusentane, har fått til. Den gongen peika dei ut tre leiingsstjerner som har vore førande for avlsorganisasjonen sitt arbeid heilt fram til i dag.

  • Organisasjonen skal bygge på vitskapen sine landevinningar.
  • Organisasjonen skal arbeide for framgang for mange.
  • Organisasjonen skal ivareta bonden sin sjølvråderett.

At Norge har ein bondeeigd avlsorganisasjon som hevdar seg i verdstoppen, har hatt, og har, avgjerande betydning for norske svinebønder. – Vi har gjort utfordringane om til konkurransefortrinn, seier Eik-Nes, og peikar på geografi og struktur som avgjerande faktorar for helsestatus og avlsframgangen.
Ein kostnadseffektiv gris og god helsestatus var då også avgjerande for fusjonen mellom Norsvin Internasjonal og det nederlandske bondeeigde avlsselskapet Topig. Med denne fusjonen har norsk svineavl teke eit nytt steg for å henge med i ein knallhard internasjonal konkurranse. Nå gjeld det bare å spela korta rett.
 
Avlsframgang og effektivitetsutvikling har i stor grad kome forbrukaren til gode. Avrekningspris til produsentane har ikkje i same grad vore ei suksesshistorie. Saka har fleire sider. Forbrukarperspektivet er alltid viktig, og næringa har styrka seg og skapt eit stort rom for vekst. Her må det likevel vera ein balanse. Økonomien i næringa har vore for svak dei siste åra, og det er med rette forventningar til eit godt løft på målpris. At næringa er sin eigen fiende når det gjeld prisøydeleggande overproduksjon, er eit dilemma ein ikkje har makta å møte med gode tilsvar.
 
Svineprodusentane er blitt ei fåtaleg gruppe i det norske landbrukslandskapet. Strukturendringane har vore tydelege og i dag er det bare att om lag 2.500 svineprodusentar. Likevel spelar næringa framleis ei rolle for distriktsjordbruket og er grunnlag for fulltidengasjement på mange bruk. Bare 60 prosent av svinebøndene har ein besetningsstorleik som tilsvarar full konsesjon.
Skal vi bevare styrken og fagmiljøet i den største kjøttproduserande næringa i Norge, bør styresmaktene visa varsemd med å gjera grep som ytterlegare reduserer tal produsentar.

 

 

Eirik Stople