De har det iallfall godt!

Sveinung Svebestad, styreleiar i FKRA og Bondevennen, var sikker i analysen då han talte til deltakarane på Samvirkekonferansen i Rogaland nyleg. Dei to store utfordringane for næringa, meinte han, var politikarane sin dårlege kunnskap om landbruket. Og bøndenes elendeomtale av eigen situasjon. Styreleiaren hausta sjølvmedviten latter, men frå podiet såg han neppe dei som vreid seg på stolen, nede i salen. Ikkje at han tok heilt feil, likevel.

For mange bønder har det godt. Driv bra. Tener greitt. Har trua. Bondevennen skriv om dei heile tida. Og utan økonomisk dekking kan jo ikkje dei milelange opptoga med skinande traktorar over Jæren 17.mai vera? ATV’en til fleire hundre tusen som odelspoden cruisar rundt på – den har jo nokon betalt for, trass låg mjølkepris.

Sjeldan har Bondevennen fått så mange tilbakemeldingar som etter at me publiserte undersøkinga der 20 prosent av rogalandsbøndene, inkludert ein tredel av mjølkeprodusentane, seier at dei vil leggja ned innan 15 år. Reaksjonane deler seg i to: På den eine sida dei som set pris på at me formidlar dei første tala som nokon gong føreligg over kva bøndene i fylket faktisk tenkjer om framtida. På den andre, dei som er lei av «sytinga», som spør kvifor me i det heile publiserte saka, og som etterlyser positivitet og framsnakking.

Kven har rett? Kven skal Bondevennen låna øyra til? Begge, sjølvsagt. For anten du driv med samanbitne tenner eller eit smil, er du ein del av sanninga om norsk jordbruk anno 2023. Ingen kan avfeia deg som pessimist der du står til øyrene i gjeld og vedgår at alt strevet gjer det vondt å stå opp om morgonane. Ei heller kan du avskrivast som fjollete krampeoptimist, om du vel å «gønna på» og satsa.

Uansett kva bås du eller andre plasserer deg i, kjem me ikkje unna kjensgjerninga at éin rogalandsbonde vil kasta inn handkleet kvar veke framover, dei neste 15 åra. Kanskje fleire.

Kvar nedlagde drift er ein lagnad. Samstundes handlar dette om noko større enn den einskilde bonden. Det handlar om kor Rogaland vil med jordbruket. Og med dei få som kan produsera mat. Om aukande sentralisering og spesialisering. Om at færre par bondeauge skal sjå kvart einskild husdyr, lesa kvart jordstykke og røkta samspelet med det som er att av natur. Om at færre matprodusentar truleg gir mindre gjennomslagskraft i samfunnsdebatten, anten det gjeld dyrevelferd, kosthaldsråd eller klima.

For ikkje lenge sidan bar bøndene kulturen. Dei definerte han. I dag blir dei ofte sett på som ei marginal sektorinteresse. Når bøndene blir færre, aukar risikoen for marginalisering og framandgjering andsynes byfolk, forbrukarar og arealsugne kapitalkrefter.

Men slik treng det ikkje bli. Det kan bli betre for dei som held stand. Jau, faktisk. Store endringar er undervegs. Kven som «syt» eller utøver det nokon har kalla «den rogalandske begeistringsplikt» er ikkje det vesentlege. Det vesentlege er at eit samla rogalandsjordbruk maktar å overtyde resten av folka i fylket om alt som står på spel – og å koma opp med gode og kreative forslag til jordvegen vidare.

Bothild Å. Nordsletten