Det er ikkje berre på toppane det bles i landbruket. På grasrota stormar det.

I førre veke gjekk styreleiar i Nortura, Trine Hasvang Vaag, på timen etter at resten av styret ga si støtte til konsernsjef Anne Marit Panengstuen, og stemte imot Vaag sitt mistillitsforslag.

Same dag vart det kjent at styret i Tine ga beskjed til ordførar i rådet, Eivind Mehl, om ikkje å møta på styremøtet i juni. Så trekte han seg. Grunnen for mistilliten var at Mehl på SMS hadde oppmoda delegatar på Bondelaget sitt årsmøte om å støtta eit benkeforslag for bondeopprørar Hans Jørgen Boye til styreplass.

I førre veke kom også styremedlem i Agder Bondelag, Jørund Kvaale Hansen, med sterke påstandar om at 2.vara til Norges bondelag, Sven Martin Håland, er «sett ut i kulden». I følgje Hansen vart bondeopprøret sin talknusar vald inn for å bidra i arbeidet med talgrunnlag og opptrappingsvedtak. Vidare jobbing med dette vart diskutert på årsmøtet. I innlegget på Facebook-sida si hevdar Hansen at Bondelaget nå korkje jobbar med talgrunnlag eller opptrappingsvedtak. Han påstår at deira strategi er «å vente og sjå kva staten bestemmer seg for».

Hendingane fører til spekulasjonar rundt kva som eigentleg har skjedd og kva alt eigentleg inneber for heile næringa. Eit kan me trygt slå fast, at det er stor uro i samvirka og Bondelaget. Norsk landbruk er ikkje større enn at dette påverkar alle.

På grasrota breier det seg oppfatning av å ikkje bli høyrt, av ikkje nå fram. Trine Hasvang Vaag er kjend for å snakka bonden – eigarane si sak. Ho gjekk. Eivind Mehl ønskte inn ein bondeopprørar, og jobba i kulissane for det, slik alle andre gjer, også i Tine. Han måtte gå. Og bondelagets eigen Sven Martin Håland blir tilsynelatande ikkje høyrt.
Jørund Kvaale Hansen kallar fenomenet «ein raud tråd».

Det er tøffe tider, økonomisk og politisk. Og når krybba tømast, bitest hestane. Situasjonen er i grunnen paradoksal, for utgangspunktet for det motsette, for gjennomslag og optimisme, kunne eigentleg ikkje vore betre: Eit bondeopprør som har sådd von og nye talent. Ei senterpartiregjering som styrer på ein jordbruksvenleg Hurdalsplattform. Eit vedtak om ein opptrappingsplan og eit nytt talgrunnlag. Ei veksande erkjenning av kor viktig bonden er.

Likevel – det er vanskeleg å unngå lyden av noko som knakar nå.

Tida er inne for maks openheit. Om det vanskelege, så vel som om visjonane – om dei finst. Har forvaltinga og faglaga kompetansen som trengst til å skipa eit levedyktig alternativ til dagens politikk? Har samvirka utspelt rolla si som verkemiddel og blitt eit halvt nostalgisk mål i seg sjølv? Bøndene pendlar jo alt mellom felleskjøp og Fiskaa, mellom Tine og Q, som andre skiftar skjorte.

Opptrappingsvedtaket må koma nå. Og det kan ikkje feila i å samla og å motivera bøndene. Då må takhøgda vera reelt høg. For kva signal sender det, dersom kritiske røyster pressast ut, og berre dei politisk korrekte når opp og inn? Om konsernadministrasjonen vinn styringa over eigarane, treng ikkje vegen vera lang før både Tine og Nortura ender som underbruk i NorgesGruppen. Og bonden atter er på eiga hand.
Slik kan det kanskje gå. Men det må ikkje.

Dei tøffe tidene kan blir tøffare. Men om det verkar å gå den vegen høna sparkar, hald likevel fast på denne tanken: Kanskje er det den tronge forløysinga av noko betre me er med på.

Betre kjem likevel ikkje av seg sjølv. Har du eigarskap til jorda, garden, faglaga og samvirket, er tida for å eiga litt meir aktivt nå.

Bothild Å. Nordsletten