image description

Ny forskrift til produksjons- og avløysartilskott har vore ute på høyring. Etter planen skal forskrifta tre i kraft frå 1. januar 2015. Slik vi les den nye forskrifta vil bøndene få eit meir komplisert regelverk enn det dei har i dag, og det vil i særleg grad ramma mjølkesamdriftene. Her er det mange reglar som bøndene må kjenne til og mykje å passe på for å unngå å «trø feil».
Departementet ynskjer å forenkle regelverket, men slit samstundes med å få til eit enkelt og føreseieleg regelverk om driftsfellesskap, ikkje minst fordi vurderingane i stor grad må basere seg på skjønn. Reglane for avløysing for samdriftsmedlemmer blir skjerpa. Dersom avløysinga er utført av ein person som har næringsintekt frå føretaket vil det ikkje bli utbetalt avløysartilskott til dette. Om denne endringa blir ståande, betyr det at samdrifter ikkje kan få utbetalt avløysartilskot for avløysing utført av medlemene i samdrifta.
I forhold til separate søknader om produksjons- og avløysartilskot ved driftsfellesskap er unntaka for samdriftene fjerna. Dei blir nå likestilte med enkeltpersonføretak. I følgje jordbrukssjef i Hå kommune, Olav Magne Tonstad, vil dette gjere det mykje vanskelegare for medlemmer i samdrifter å søkje separate tilskot på føretak som ikkje inngår i samdrifta, til dømes der svineproduksjon eller sauehald kjem i tillegg. Det blir då færre føretak som kan søkje avløysartilskot, og dermed mindre utbetaling av avløysartilskot.
Det kan vera uklare grenser for å definere drifta som driftsfellesskap eller enkeltpersonføretak. I tvilstilfelle, vil føretaka få høve til å uttale seg før landbruksstyresmaktene eventuelt fattar vedtak om driftsfellesskap. Det verkar overraskande og inkonsekvent med fare for opptil 100 prosent avkorting, etter at føretaka først er blitt invitert til å levere felles søknad. Derfor vil bøndene, med eit visst driftsfellesskap, sannsynlegvis akseptere å levere felles søknad, når alternativet er at heile tilskotet kan gå tapt om dei søker som enkeltpersonføretak.
Det er grunn til å stille spørsmål ved at skjønnsmessige vurderingar i forvaltninga kan medføre opp mot 100 prosent avkorting, det vil seie at heile tilskotet blir trekt inn. I mange tilfelle vil det vere vanskeleg å avgjere kor grensa går mellom kva som er driftsfellesskap og kva som ikkje er det. Det er heller ikkje enkelt å avgjere om bøndene har handla i god tru, eller ikkje. Vurderingar om driftsfellesskap vil truleg variere frå kommune til kommune og frå landsdel til landsdel. På dette feltet er regelverket lite føreseieleg, og det er grunn til å stille spørsmål om rettstryggleiken til bøndene er ivareteken på ein god måte.
Utkast til ny forskrift svekkjer avløysarlaga og fellesskapsløysningar. Deler av regelverket verkar lite gjennomarbeidd. Bønder har krav på eit klarare regelverk med færre skjønnsmessige vurderingar.

 

Eirik Stople