image description

Mange vil hevde at norsk landbruk går godt om dagen, om ein ser bort frå marknadsutfordringa til fjørfenæringa. Investeringsvilje er ein god indikator for optimisme og framtidstru. I sist utgåve av Bondevennen, kunne Peder Skåre, i Landkreditt Bank, fortelje om uvanleg stor utlånsaktivitet i 2015, og investeringsmidla til Innovasjon Norge strekk ikkje til.

På Samvirkekonferansen i Stavanger, var den unisone haldninga at nok er nok for syt og klaging, nå skal landbruket presenterast for storsamfunnet med positivt fortegn. Vi fekk høyre om berekraftig import av GMO-fri soya og palmeolje. Ein samla kraftfôrbransje set vilkår for ein handel som skal ivareta både regnskog og sosiale forhold i produsentlanda.
Departementsråd, Leif Forsell, brukte ord som myte, om 38 prosent sjølvberging. Ved å ta utgangspunkt i sjølvforsyning av fôr og andre parameter kunne han presentere vesentleg høgare sjølvforsyningsgrad.

Vår nye landbruksminister, Jon Georg Dale, presenterer sjølvforsyning ut frå forbrukarmønster, kor stor del av samla etterspørsel (marknaden) som er produsert i Norge. Slik kjem han fram til gode tal. Norskprodusert kjøtt dekker 92 prosent av marknaden. Mjølk over 99 prosent og ost om lag 86 prosent. I ei rein marknadstilnærming høyrest det ut som sjølvforsyning blir definert ut frå kva forbrukarane vel av norskprodusert vare. Ein stiller ikkje spørsmål ved om maten er produsert på norske ressursar.
Slik slår ein beina under argumentasjonen om å ha landbruk i heile landet for å ha nok areal i produksjon til å halda oppe sjølvforsyninga. Jordbruk bør drivast der det er mest lønsamt og sjølvsagt på store bruk som må bli endå større. Ja, ein må gjerne drive med jordbruk over heile landet, om den enkelte finn det økonomisk forsvarleg, men det handlar ikkje om eit samfunnsoppdrag. Ved å lausrive landbruket frå distriktspolitikken hefter ein ikkje bort tida med å bekymre seg for samanhengen mellom landbruk og busetting, eller meir presist landbruk og levande bygder.

Målet er å bli konkurransedyktig og rusta til å møta ei framtid med redusert tollvern. Og nettopp tollvern var tema under stormøtet på Jæren i sist veke. Summert var bodskapen frå landbruksministeren at tollvernet blir svekka, men vi skal vinna marknaden på konkurranse og forbrukarpreferanse for norske varer.

Retninga for politikken minner mistenkeleg på det vi har sett i nabolanda våre i sør. Ser vi ei posisjonering mot same endestasjon som i dag rammar EU landbruket? Fri vareflyt og deregulering har gitt priskollaps for jordbruksvarer i dei store eksportlanda i Europa, og dei aust-europeiske landa i unionen har berre i liten grad tilgang til eigen heimemarknad.
– Landbruket er kvelt i sin eigen suksess. Danske bønder, med effektivitet i verdstoppen, taper i gjennomsnitt 54 kroner per slaktegris, dei største taper mest, sa leiar i Agri Analyse, Christian Anton Smedshaug på Varhaugmøtet.

I ly av tollvern, marknadsordningar og jordbruksavtale lever norsk landbruk i ei anna verd enn den vi ser på andre sida av Svinesund. Med ei halvering av produsentar kvart ti-ande år, er det framleis rom for ekspansjon og utvikling for dei som blir att. Er det ei retning samfunnet og landbruket framleis er tent med?

Eirik Stople