Rogalandsjordbruket tvinnar ikkje tomlar i påvente av ny gjødselvareforskrift. No har fylkets arbeidsgruppe på saka levert sitt oppdaterte kunnskapsgrunnlag om fosforbalansen i jord og på gardsnivå. Harald Volden frå NMBU har leia arbeidet med bidrag frå NLR Rogaland, Rogaland landbrukspark, Statsforvaltaren, Tine og FKRA. Bak rapporten står i tillegg dei fleste andre organisasjonane og bedriftene som er knytt til landbruket i fylket – samvirka så vel som dei private.

Slik kraftsamling skjerpar vonleg merksemda når dokumentet landar i Landbruks- og Miljødirektoratet. I 2018 sette dei to ein støkk i landets bønder, særleg på Jæren. Framlegga deira til strengare spreiearealskrav var på omsynsvis 2,5 og 2,1 kg fosfor per dekar frå husdyrgjødsel – ned frå gjeldande maksgrense på 3,5.

Den nye rapporten gir bøndene nyttig skyts til spreiearealsdebattane som ventar. Ved å sjå nærmare på samanhengen mellom plante- og husdyrproduksjonen, samt på oppdaterte avlingstal, synleggjer rapporten at uttaket av fosfor gjennom grasavlingane er større enn det ein tidlegare la til grunn: 3,5 kg i snitt per dekar. Forklaringa er høgare tørrstoffavlingar, og fosforinnhald i graset. Ved å sjå på jordprøvar heilt frå 1965 til i dag finn ein også at innhaldet av fosfor i jorda ,målt som P-AL (lettløyseleg fosfor), er uendra dei siste 55 åra. Det er med andre ord balanse mellom tilført fosfor og opptak av fosfor i graset.

Rapporten stadfestar samstundes utfordringa for rogalandsjordbruket – at fosforinnhaldet i jorda er høgt. 19 milligram per 100 gram jord. Men den peikar òg på konkrete og gjennomførbare tiltak. Og dei er langt ifrå så dyre som det å innføra eit spreiearealskrav som vil strupa store delar av fylkets husdyrproduksjon, slik så mange fryktar. Volden og co. listar opp ti tiltak på overordna- og gardsnivå, for både husdyrproduksjonen og planteproduksjonen, der redusert innhald av fosfor i kraftfôret, og betre grovfôr er dei to viktigaste.

Gjennom tiltaka, ved å auka norma for kor mykje fosfor ei gjødseldyreining (GDE) kan skilja ut opp frå 14 til 15 kg, samt ved å senka fosforkravet til tre kg per dekar, vil me oppnå om lag same behov for spreieareal som i dag, meiner forfattarane. Og ettersom dei nye dataene syner at fosforuttaket gjennom grovfôravlingane er 3,5 kg per dekar, inneber det at eit gjødselkrav på tre kilo per dekar over tid vil redusera fosforinnhaldet i jorda.

Med andre ord: Dersom bøndene gjennomfører tiltaka vil fosforet bli betre utnytta utan at ein må innføra ei veldig skjerping av spreiearealskravet. Slik blir det mogleg å oppretthalda matproduksjonen, unngå auka kostnadar for næringa – og samstundes minska fosforutslepp til vassdraga våre.
Hevdar altså eit samla rogalandsjordbruk.

Så står det att å sjå om og korleis overordna styresmakter tar til seg den nye kunnskapen frå sørvest.

Bothild Å. Nordsletten