image description

 

Advent og julehysteri bankar på døra di. Snart vandrar dei fleste av oss kvilelaust i ring med paniske blikk på jakt etter gåver. Det kan vere krevjande å finne på noko til barn, søskenbarn, mødre, fedre, søsken og venner. Dei har jo alt.

Me høyrer om julefred og ro, men ser ofte at praksisen vert annleis. Mykje skal i boks, og livet i fjøset tek ingen pause for jesusbarnet. Dei ferraste bønder liker å gjere opp rekeskap når det gjeld arbeidstimar. Mange arbeidstimar ligg bak kronene. Jula kostar litt ekstra. Me skal betale gåver og finne ekstra tid til både handel og juleverkstad. På toppen av alt skal me kose oss glugg i hel.

I full spurt mellom juleavslutningar, julepynt og kjøpesenter er det ikkje mykje rom for ein uventa kopp gløgg. Me veit at mange menneske har det tungt fordi dei ikkje har nokon å dele julestria med. Når alle har nok med sitt vert det ekstra tungt for den som står åleine, anten det er i fjøset eller på eit gatehjørne. Forventningane om eit perfekt liv med ein strigla heim og vakker innpakning, kan stresse den mest avslappa av oss. Det ligg i menneskets natur at ein vil passe inn, og ikkje skilje seg ut frå mengda. Difor let vi oss rive med, og får det frykteleg travelt. Så travelt at medmenneske og julebodskap kan komme i skuggen av blinkande tilbodsplakatar og berg av julegåver.

Josef og Maria banka på mange dører, men ingen hadde plass til dei. Slik vart jesusbarnet fødd i ein stall, svøpt og lagt i ei krybbe. Kanskje var det tilfeldig, men la oss ha litt større tru på høgare makter. Landbruket er ein grunnstein i samfunnet. Me står tett på livet og produserer mat til folket. Ingen dum plass å bli fødd, og neppe tilfeldig.

Herberga i Betlehem var fulle, men truleg ville dei funne ein krok i etterpåklokskapens namn. På denne tida av året er kalenderen vår fullstappa fordi me skal feire bursdagen til han ingen hadde tid til. Han som kom til verda i ein stall. Stundom kan det som ved første blikk verkar ubetydeleg, ende blant våre viktigaste minner.

Å ha tid til det uventa kan vere vanskeleg, særleg midt i julegalloppen. Tidsklemma er stram i klypa i desse dagar. Me slit med oppfinnsomme gåver til menneske proppa av velstand, men har me tid til å leve? Dersom jesusbarnet banka på fjøsdøra di, ville du ynskje velkommen inn?  Me kan vere freista til å avlyse heile julestria, men tradisjonen er nok komen for å bli. Lurare er det kanskje å sette av tid, trekke pusten og nyte ein uventa augneblink. Perfekte kan me vere ein annan gong.

 

God adventstid.

 

 

Jofrid Åsland