Meldinga om at Berge Furre (1937-2016) er død, minner oss om 1970 åra, dei store folkerørslene sitt tiår. Målrørsle, kvinnerørsle, hippierørsle og ikkje minst folkerørsla mot EEC (EU) prega overgangen frå 1960 til 1970 talet.

Berge Furre, født på Sjernarøy i Ryfylke, var av eit uvanleg format. Gudleiv Forr, Norsk biografisk leksikon, skriv mellom anna dette om Furre: ”Berge Furre hadde tre karrierer i norsk samfunnsliv. Han var politiker og stortingsrepresentant, han var forsker og professor i historie og kirkehistorie, og han var kirkepolitiker og forkynner. Dessuten var han aktiv i målrørsla. Berge Furre var med å skape norgeshistorie, og han har skrevet den.” Furre flytta til Oslo som tenåring. I eit akademisk, radikalt miljø med internasjonalt utsyn, haldt han fast ved røtene og bygdekulturen. Bodskapen til Furre var hylla inn i ei uvanleg vakker og stødig språkføring. Han er omtala som ein av dei mest kunnige og taleføre som nokon gong er mønstra på Stortinget.

Og det er som stortingsmann, 1973-1976, og aktivist i kampen mot EEC/EF at landbruket har grunn til å minnast høvdingen. I 1975, var Furre parlamentarisk leiar og partileiar i SV og formann i landbrukskomiteen, året då Stortinget vedtok jamstellingsvedtaket. Eit historisk vedtak for opptrapping av inntekta til bøndene, på nivå med gjennomsnittleg industriarbeidarløn. I ettertid er Berge Furre si drivande kraft og rolle, vurdert som avgjerande for at vedtaket kom i stand.

Dei politiske straumdraga etter EF-avstemminga, der den store folkerørsla utfordra og sigra over den formelle makta, kombinert med inngangen til oljeeventyret, med utsikt til store inntekter i statskassa, var eit ideelt tidspunkt for å få gjennomslag for opptrappingsvedtaket. Vedtaket blei følgd opp av ny stortingsmelding og feite jordbruksavtalar. Den økonomiske ramma for jordbruksavtalane låg på rundt 5 prosent av statsbudsjettet. I 2015 var den økonomiske ramma for jordbruksavtalen i underkant av ein prosent av stasbudsjettet.

Inngangen til det historiske vedtaket var også ei folkerørsle. Folk som har levd ei stund, vil hugse Hitra-aksjonen, ein ”grasrotaksjon” der frustrerte bønder haldt tilbake skatt for å gje uttrykk for si misnøye med dei økonomiske vilkåra i jordbruket. Aksjonen spreidde seg, og blei ein spydspiss for ei rørsle som enda opp med jamstellingsvedtaket.

I 1975 la Stortinget til grunn at økonomisk jamstelling med industriarbeidarløn skulle fasast inn i løpet av tre jordbruksavtalar. Så skjedde ikkje, men prinsippet om jamstilling har hatt ei utruleg overlevingsevne. Når faglaga i 2016 riggar krava inn mot jordbruksforhandlingane er det totalkalkyle og referansebruka som legg føringar for krava. Kampen står framleis om lik lønsutvikling med andre grupper i samfunnet.

Som i 1972, er internasjonale handelsavtalar også i dag eit trugsmål mot norsk landbruk. Nasjonal landbrukspolitikk kan i endå sterkare grad måtte underordne og tilpasse seg internasjonale regelverk. Skal vi igjen vitalisere folkestyret, kan vi trekke lærdom frå folkerørslene frå 1970-talet, der Berge Furre var ein inspirator og ei drivkraft.
Eirik Stople