Dei globale prisane på mat- og fôrråvarer stig kraftig. FNs Landbruks- og matorganisasjon FAO melder om sterk auke for basismatvarene korn, planteolje og sukker dei siste ni månadene. Korn blir omsett til høgste pris sidan 2013, med ei dobling berre dei siste seks månadane. Også prisen for soyabønner har skote i veret – heile 70 prosent sidan i fjor vår.

Storbankane og finansinstitusjonane peiker på kinesiske storoppkjøp, minkande lager, høgare russisk eksporttoll og vanskelege haustingsforhold i blant anna Brasil, som direkte årsaker. Kor om all ting er, er det gode tider for dei som handlar med desse livsviktige råvarene. Marknadsanalytikarane snakkar om «sunn» og «robust» etterspurnad og utsikter til høg inntening. Ifølgje Bloomberg er hedgefonda optimistiske.

Det er neppe dei sveltande i Jemen. Eller dei mange millionane som koronaen har tatt levebrødet ifrå.

Noko er i ferd med å skje, men det er førebels vanskeleg å gi fenomenet eit namn, eller seia noko haldbart om kor det ber. Like fullt er den oppheita verdsmarknaden ein tydeleg påminnar om korleis alt heng saman med alt. For når avlingane haltar i Brasil, og frakta kostar flesk, går det også utover bønder på andre sida av kloden.

Trass i god driv i norske fjøs som følgje av stengte grenser, var det neppe meldinga om høgare kraftfôrprisar bøndene ønskte å høyra då FKRA varsla det i førre utgåve av Bondevennen. Kostnadane er store nok som dei er og inntekta, som alltid, låg.

Marknadsanalytikarane seier det ikkje, men i verste fall er det som skjer no også eit forvarsel om korleis det kan sjå ut i ei verd med mindre mat og fleire munnar å metta.
– Situasjonen er heilt avhengig av vekstsesongen på nordlege halvkula framover. Blir den ikkje normal, eller betre enn normalt, kan biletet forsterka seg til det ekstreme, sa FKRA sin innkjøpsdirektør, Geir Inge Auklend, til Bondevennen i førre veke.

Botemiddelet mot all uvissa kan ikkje lenger vera å be staten om tilskot til reduserte kraftfôrprisar. Stilt overfor det som kan bli meir varierande avlingar og mindre stabilitet i verdshandelen, blir det som å behandla symptoma, heller enn det bakanforliggjande uføret.

Botemiddelet er å gjera oss mindre avhengige av importerte mat- og råvarer og at forbrukarane godtar litt høgare prisar. Tilpassinga av jordbruksproduksjonen til ennå betre bruk av vårt eige ressursgrunnlag treng ytterlegare kraft, så snart som råd.

Bothild Å. Nordsletten

Share This