Tine-eigarane har all grunn til å gle seg over topp-plasseringa i omdømeundersøkinga til Ipsos i førre veke. Samvirke har vore i tet lenge, men gjorde i år eit imponerande byks blant 108 av dei største verksemdene i landet. Heile 89 prosent av dei som svarte seier dei har eit svært eller ganske godt inntrykk av Tine, opp frå 82 prosent i fjor.

Æra for førsteplassen skal mjølkebøndene og dei tilsette i samvirket ha. Med kjempeinnsats har dei saman unngått at produksjonen og drift har blitt råka av pandemien.

Diverre er det lite høve for Tine til å kvila på laurbæra. For sjølv om mange seier dei har trua på samvirket, vel stadig fleire forbrukarar produkta til konkurrenten.

Den som les børsmeldinga frå andre tertial får raskt auge på utfordringane Tine balar med. Dei gode nyheitene er at driftsresultat er opp 218 millionar i høve til same periode i fjor, til 821 millionar. Salsinntektene er opp 1,7 prosent. Og volumet veks i fleire kategoriar. Endra forbruksmønster under pandemien, kostnadsreduksjonar og låge energiprisar bidreg her.

Det urovekkjande er at Tine likevel tapar marknadsdelar. Ta salet i den viktige søtmjølkskategorien, som ein indikator. Medan det totale salet av søtmjølksprodukt vaks med 9,1 prosent i volum, målt mot tilsvarande periode i fjor, vaks Tine sitt sal med «berre» 3,8 prosent. Tines marknadsdel fall med 3,4 prosentpoeng. Trass i god volumvekst, tapar Tine også marknadsdelar for yoghurt, matlagingsprodukt og smakstilsette mjølkedrikker. Der volumdelen aukar, som for ost, er veksten under éin prosent, (med eit heiderleg unnatak for brunost, som veks med 2,7 prosent.)

Sjølv med «verdas beste mjølk» og produkt av finaste kvalitet, held Tine fram med å tapa både for heimlege konkurrentar og import. Kva gjer konkurrentane rett, som klarer å kapre marknadsdelar frå selskapet på omdømetoppen? Kva kode er det Tine ikkje greier å knekke for å vinne marknaden?

Desse spørsmåla er det viktig å finna svar på snart, for mykje står på spel dersom Tine held fram med å tapa posisjon i marknaden. Å ha Noregs sterkaste omdøme, er eit fantastisk utgangspunkt når Tine skal snu skuta. Men omdøme aleine berger ikkje båten.

Bothild Å. Nordsletten