Pilene peikar diverre nedover for Tine. Onsdag i førre veke la meierisamvirket fram tala fra årets første fire månadar. Dei viser markant nedgang i daglegvarehandelen og auka kostnadar, mellom anna som følgje av krigen i Ukraina. Driftsresultatet første tertial enda på 354 millionar kroner, 164 millionar svakare enn fjoråret.

Nedgangen var venta etter gode tal under pandemien. Dei inneber likefullt at Tine må ta enda tøffare tak framover for å styrka resultatet og volumet. Drifta må effektiviserast ytterlegare og innovasjonstakten må opp for å tekkast fleire kundar.

Det blir ein stri jobb. Konsernsjef Gunnar Hovland er krystallklar om utfordringane i ei pressemelding om tala: Aukande import, grensehandel og tilspissa konkurranse. Dette fører til fallande mjølkevolum, som igjen fører til at Tine må redusera kapasiteten og kostnadane. Det Hovland kallar ein ≪nedadgåande spiral≫ blir forverra av dei om lag 200 millionane i årlege øyremerkte tilskot til Tines konkurrentar, som no er godt etablert i dei mest sentrale og lønsame strøka av landet. Og det med større marknadsdel enn samvirket.

Me er heilt samde med konsernsjefen i at nemnde tilskot etter 20 år har utspelt si rolle. I Hurdalsplattforma har regjeringa programfesta at dei skal fasast ut. Prosessen er så vidt i gang. Den bør sluttførast så snart som råd.

I mellomtida går fleire av Tines gjenverande 34 meieri og mjølketerminalar ei uviss framtid i møte, til dømes meieriet på Voss med 25 tilsette. Kapasitet og kostnadar må kuttast skal Tine klara seg over kneikene. Medan ein slik strategi er forståeleg av bedriftsøkonomiske omsyn, bør den få varsellampene til å blinka hjå styresmakter som set distrikt, lokal verdiskaping og landbruk i heile landet høgt. Å ikkje sikra føresetnadane for lokal matproduksjon i det verda er på veg inn i ei matkrise, ville vera svært uheldig.

Mjølkekua og Tine er og blir ryggrada i jordbruket vårt. Å styrka meierisamvirket er truleg mykje billegare og enklare enn å forsøka å reparera eller erstatta det, om ryggen skulle knekka.

Bothild Å. Nordsletten