Bv15_leiar

 

Medan faglaga forhandlar rammevilkår og landbrukspressa jaktar posisjonering, lekkasjar og nyheiter om prosessen kring jordbruksforhandlingane, er det dei nære ting det handlar om på den enkelte gard.

Våren er og blir ein unntakssituasjon, der alt skjer samstundes. Ei utruleg flott, men samstundes krevjande tid. Nokre hektiske veker i april-mai kan vera avgjerande for økonomisk driftsresultat. Og så er det vêret då? Den ustabile samarbeidspartnaren som bonden og gartnaren må leve med- og takle på godt og vondt.
Vi skal vakte oss vel for å vera belærande om praktisk drift med utgangspunkt i ein skrivepult. Alle som i desse dagar står tidleg opp og så vidt rekk kveldsnyheitene på TV-en, veit godt kva som er status og kva som er behovet på eige gard. Likevel tillèt vi oss å ta med nokre strekpunkt frå den danske mjølkeproduksjons rådgivaren, Susanne Pejstrup, som jamleg besøker husdyrmiljøet på Jæren. Under overskrifta; fast struktur i arbeidsplanen, gir vi vidare rådgivaren sine råd, for å få ein betre kvardag.

  • Skaff deg oversikt og skriv ned dei arbeidsoppgåvene som står føre. Involver tilsette og andre som er med i drifta i denne prosessen.
  • Plasser oppgåvene i den mest optimale rekkefølgje. Start med dei faste daglege oppgåvene for å få ein grunnstruktur i arbeidet. Er det fleire tilsette, bør same person ha den same oppgåverekka kvar dag, på same tid.
  • Deretter plasserer du inn dei periodiske oppgåvene. Dette er oppgåver som til dømes må gjerast tre gonger i veka eller ein gong i månaden. Typiske oppgåver er reingjering og vedlikehald.
  • Vurder tidsforbruk og vurder om planen går i hop. Tidsforbruket må ikkje vera for stramt, det gir behov for stadig endring og forskyving av planar. Oppgåver med ukjent tidsforbruk, typisk kalving og lemming, bør plasserast slik at dei ikkje påverkar andre oppgåver. (Bare mogeleg med fleire tilsette).
  • Ikkje gløym krav til kvalifikasjonar og behovet for opplæring av tilsette/medarbeidarar. Hald fast på ei optimal arbeidsrekkefølgje og tren dine tilsette for å meistra oppgåvene.

Så lett og så vanskeleg. Dei fleste av oss har opplevd at det er ekstra vanskeleg å utøva leiing i travle periodar, men faktum er at det er aldri meir nødvendig å gjera prioriteringar enn då. Med ein fast struktur i arbeidsplanen, der alle er trygge på sine oppgåver, har ein eit godt utgangspunkt.
Lukke til med våronna.

 

 

Eirik Stople