Bv38_leiar
Nei, det har ikkje blitt smalhans i nye breibygde sauefjøs, men overproduksjonstendensen på lam er skummel og kan lett bli verre om ikkje bremsene blir aktiverte.
Lass på lass med flotte haustlam, fôra på økologiske fjell- og heiebeite, er på veg til slakteria i desse dagane. Det er høgtid og høgsesong for sauebøndene som brukar måleband, vekter og seine kveldsøkter for å plukka slaktemogne lam, medan alelamma blir skilte frå for å sikra produksjonen framover.
Det finst dessverre skår i gleda. Den norske marknaden har for mykje sauer og lam. 1400 tonn ligg over frå i fjor på fryselager. Prognosane tydar på eit overskot på 1400 tonn i år, medan overskotet for 2017 kan bli enda høgare, 1800 tonn.
Historia bak dagens krevjande situasjon er velkjent og kan illustrerast med Bondevennen sin artikkel frå opninga av tre nye sauehus i Setesdal tidlegare i haust. I desse tre husa er den samla kapasiteten 992 vinterfôra sauer. Det at bønder satsar friskt på sau i for eksempel Setesdal og Sirdal, og alle andre stadar der det er flust med beiteressursar, er sjølvsagt fantastisk flott og akkurat slik vi vil ha det. Og det er i utgangspunktet rett og prisverdig at både kommunar og Innovasjon Norge har bidrege med tilskot slik at det har vore mogleg å gjennomføra byggeprosjekta.
Men så er det den skjøre mark­nadsbalansen då. Om enkelte produsentar av naturlege årsaker har trappa ned eller slutta av med sau, er det langt fleire i den andre enden som har bygd opp kapasiteten. Mange av desse, som har tatt i bruk husa sine, er i ferd med å bygga besetning. Dette gjer at vi kan venta at overproduksjonen på lammekjøt vil auka i åra som kjem.
Kva er så oppskrifta for å få marknaden i balanse? Vi registrerer at Landbruks- og matminister, Jon Georg Dale, i bladet Dagligvarehandelen, definerer overskotet som «for lite forbruk». Det kan vera vanskeleg å arrestera han på den uttalen, men det blir likevel for enkelt. Landbruket har ein totalmarknad å førehalda seg til, og aukar forbruket av eit kjøtslag, kan det gå ut over andre.
Den fine prisløypa på sau og lam gjennom dei siste åra flatar ut. Mark­nadssvikt fører til prissvikt. Overproduksjon vil bety lågare lønsemd. Mange vil tenkja at no må det bli sett i verk tiltak som førar til ein pause i nyetableringane, men få vil seia det høgt. Vi har sans for leiaren i Rogaland Sau og Geit, Bjørn Høyland, som i dette nummeret av Bondevennen seier at næringa ikkje må stella seg slik at det ikkje er positivt med nye bønder som vil satsa på sau.
Å svartmala at det har blitt fleire kvite lam i det grøne kulturlandskapet, er ingen tent med. Det som er tenleg er å samla næringa, den enkelte bonde saman med heile verdikjeda, til felles innsats, slik både Finn Avdem, frå Nortura, og Bjørn Høyland, frå Rogaland NSG, skisserer i Bondevennen denne veka.
Innsatsen på sal og marknadsføring kan intensiverast. Fleire lam må slaktast tidlegare i sesongen, og vektene må ned. At vektgrensa på stjernelam er redusert frå 16 til 15 kilo bidreg i positiv leid.
Kulturlandskapspleiaren, sauen, blir sett pris på. Norsk lam i ferskvaredisken blir verdsett. Nortura har i år, fram til og med veke 36, selt mest 600 tonn meir ferskvare av sau og lam i høve til fjoråret. Lamma, som er slakta hjå Nortura i vekene 26 – 35, låg på 20 kilo, eitt kilo under fjoråret – og med mindre feittrekk som bonus. Tala provar at det er mogleg å lukkast med kombinasjonen lettare lam og auka sal. Om alle bidreg.
Vi vil gjerne ha mangfaldet som sauehaldet representerer. Lønsam utnytting av beiteressursane høgt og lågt i heile landet, med interesserte, verdiskapande sauebønder der besetningane like gjerne kan vera 30 som 300 vinterfôra.
Men overproduksjon over lengre tid har ikkje næringa råd til.
Sjur Håland